Holla Meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holla Meieri.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Holla Meieri (huset lengst til venstre) sett frå ein av båtane i Telemarkskanalen.
Foto: Ukjendt / Nasjonalbiblioteket.

Holla Meieri vart anlagt som eit aksjeselskap av bøndene på Holla i 1896. Meieriet låg på Ulefoss i gamle Holla kommune i Telemark.

Historikk

Holla Meieri låg like ved brygga ved TelemarkskanalenUlefoss. Meieriet hadde 150 leverandørar og mottok i 1939 1,5 millionar kilo mjølk. Mjølka vart distribuert gjennom tre utsalsstader på Ulefoss, samt ved hjelp av meieriets mjølkebil. I tillegg produserte meieriet smør og ost som også vart solgt andre stader i Telemark. I 1939 vart det produsert 45 000 kg smør og 35 000 kg ulike ostar.

Meieriet, som var bygd i 1896, hadde ei grunnflate på 250 m². Det vart kjøpt ny tomt i 1942, og meieriet planla å bygge nytt meieri med ei grunnflate på 450 m².

Kring 1950 sysselsette meieriet fem personar i tillegg til bestyraren S. Prestegård.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.