Homman (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vi ser nedover Lensmannsgata med Homman til høgre i biletet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Homman (Gnr. 37/1/21) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal som har adresse Lensmannsgata 22.

Denne er gått ut frå Århus (Fyresdal Gnr. 37/1) Den er og registrert som Heimland (Gnr. 37/1/8)

Gunhild Bjørnsdatter Svivet (1835-1908) fekk feste på eit jordstykke for 9,58 kroner årleg i 1902. Stova der er kome frå Lagisstog. Ho arbeide i Forbruksforeningens bakeri.

Gunhild budde her saman med systera Astrid, og dei livnærte seg og med karding og spinning og tok på seg lefse- og braudbakst.


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo