Hornnes kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes kyrkje sett over Otra frå Evjemoen 14. november 2024. Foto
Hornnes kyrkje sett over Otra frå Evjemoen 14. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Ho vart vigsla av prost Poul Brodahl Lassen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet vart utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 plassar og to galleri. Ho ligg på austsida av riksveg 9 like sør for brua i Dåsnes.

Ein kjem dit via Fylkesveg 310 som tek av frå Riksveg 9. Kyrkja høyrer til Evje og Hornnes sokn, som er ein del av Otredal prosti.

Kjelder

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7
  • Nils Dåsvatn: Kyrkjevandring i Hornnes kyrkje, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes sogelag, 2013, s. 44
  • Alf Georg Kjetså: Hornnes mi heimbygd, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2017, s. 6

Eksterne lenker

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Hornnes_kyrkje