Husbond

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein husbond av storbondestand. Bjørn Frøysåk (1634-1709) frå Gol i Hallingdal med familie frå to ekteskap.

Husbond eller husbonde (fleirtal husbondar eller husbønder, av gammalnorsk húsbóndi) er ei (historisk) nemning for ein (manns)person som er overhovud for eit hushald, og som såvoren tillagd nærare bestemte rettar, plikter og ansvar overfor kone og born, tenestefolk og evt. andre som har vore definert innanfor hushaldet. Kvinnelege motstykke til husbond har vore matmor, og i gammalnorsk tid/mellomalder husfrue (húsfrú, húsfrøy), enda om det kvinnelege hushaldsoverhovudet heller sjeldan har vore tillagd same makt, rett og ansvar som husbonden. Kva som formelt og uformelt har vore rekna inn under husbondens makt og mynde, har variert historisk og sosialt. I eldre tid var det til dels lovregulert og elles bestemt av sedvane og formulert for eksempel i religiøs litteratur. Eit innverknadsrikt døme på det siste er hustavla som er med i ein del utgåver av Luthers katekisme. Statusen som sjølvstendig husbond gav ein tilgang til samfunnsdeltaking og politisk innverknad som ikkje tilkom dei «avhengige» hushaldsmedlemmene i det gamle samfunn.

Familiefar, hushaldsoverhovud, herskap

Tilnærma synonymt med husbond er husfar (pater familias), herre i huset. Det bibelske patriark («styrande far») kan med god rett omsetjast med husbond. Husbond var også ei vanleg nemning for ektemann. I det gamle samfunn var det også vanleg brukt om den som har folk i sitt brød (trælar, tenarar, sveinar og lærlingar ...).

Under meir eller mindre føydale samfunnsformer kan husbond jamførast med andre språks seigneur, lord, patron, Gutherr osv, der (adelege) godseigarar har rekna leiglendingsbønder, husmenn og andre av godsets tilhøyrande folk inn under sitt utvida hushald og herrevelde. Det fremste historiske uttrykket for slik bruk i norsk samanheng er at det norske riksrådet i 1388 valde dronning Margrete til rikets «mektige frue og rette husbond». Den danske føydalavgifta husbondshold, i mindre utstrekning også brukt i Noreg, var eit merke på at jorddrottens mynde over bønder og husmenn hadde karakter av å vere eit husbondsforhold.

Gammalnorsk lovgjeving

Landskapslovene (for Gulatinget, Frostatinget og Borgartinget) innheld etter måten detaljerte reglar for husbondsmyndet kva gjeld for eksempel formuesforhold, giftenål og hustukt.[1] Dei vidaste rettane har husbonden over det ufrie husfolket, trælane. Desse kunne husbonden leige bort til andre, selje, straffe på kroppen og endatil drepe ustraffa. Borna sine kunne husfaren refse så strengt han ville, men ikkje påføre dei dødelege skader. Han kunne pantsetje borna sine for gjeld, opp til tre mark for eitt barn, som tilsvara vanleg kjøpesum for ein træl. Husbonden hadde også rett til å utøve hustukt over kona, men han hadde ikkje lov til å slå henne, iallfall ikkje på offentleg stad. Om han slo henne tre gonger i offentlege forsamlingar, kunne kona forlate mannen og ta særeiget sitt med seg ut av ekteskapet.

I lovtekstene er husbond og husherre (húsherra) brukt om einannan, utan openberre tydingsskilnader mellom dei to nemningane.

Tidleg nytid

I Norske lov (1687) blir «hosbond» nytta i to tydingar: 1) ektemann og 2) ein som har tenestefolk. Juridiske og økonomiske forhold både mellom husbond og hustru og mellom husbond og tenar er nokså detaljert regulert. Etter kvart som husmannsvesenet utviklar seg på 1700- og 1800-talet, blir ei av dei vanlegaste tydingane av husbond ein gardbrukar som har husmenn. Bakgrunnen for at ordet vart nytta slik, var at husmennene kunne reknast som bondens tenestefolk. Husbond-tenar-forholdet mellom høvesvis utleigar og leietakar av ein husmannsplass vart meir uttala di meir avtalene omfatta arbeidsplikt, særleg den arbeidsplikta som eventuelt var pålagd utover betaling for husleiga («arbeid på tilsigelse»).

Avvikling av husbondsveldet

Husbondane var i praksis dei som utøvde den til kvar tid gjeldande folkelege representasjons- og medstyringsretten i det offentlege liv. Det galdt i den gammalnorske og mellomalderske tingskipnaden, på bygdeting, i lagrette, skjønnsnemnder o.a. i tidleg moderne tid, og det galdt i det påbegynte demokratiet etter 1814 fram til stemmerettsutvidingane for alvor tok til mot slutten av 1800-talet. Grunnlova av 1814 gav stemmerett til alle gardbrukarar, men ikkje til tenestefolk, husmenn eller andre som var i brød hjå ein husbond (eller annan type arbeidsgjevar). Den offentlege husbondsmakta vart monaleg styrka med innføringa av det kommunale sjølvstyret frå 1837, da gardbrukarane (som hadde stemmerett) fekk sterkt utvida styringsinnverknad i lokalsamfunnet. Dette husbondsveldet vart gradvis avvikla frå 1880-åra av, med to milepælar i og med innføringa av allmenn stemmerett for menn i 1898 og også for kvinner i 1913.

Husbondsveldet i tydinga ektemanns styringsrett over kone og born vart også gradvis avvikla til dømes med innføring av lik arverett, kvinna sin rett til å rå for eiga formue, like rattar for mor og far i høve til felles born osv.

I tydinga arbeidsgjevar vart husbondsmakta over tenestefolk og husmenn også svekka og avvikla i og med arbeidarlovgjevinga og utvegar til fagorganisering. Ei styrt avvikling av husmannsordninga med lovgjeving og oppretting av stønadsordningar ved kjøp av småbruk osv. Denne utviklinga fann i hovudsak stad i tidsrommet ca 1915 fram til jordlova 1928, og det gav husmenn gode utvegar til å få oppheva arbeidsplikta for husbonden og eventuelt å få frikjøpt plassen til sjølvstendig småbruk.

Referansar

  1. Frimandslund, F. 1962:spalte 102-103.

Kjelder og litteratur

  • Frimandslund, Rigmor: Artikkel om Norge under oppslag «Husbonde» i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. VII, Oslo 1962.
  • Fritzner, Johan: Ordbog over Det gamle norske Sprog, Oslo 1954 (1883-1896), oppslag på husbondí og relaterte omgrep.
  • Frostatingslova. Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes. Det Norske Samlaget, Oslo 1994.
  • Gulatingslovi. Umsett frå gamalnorsk av Knut Robberstad. Det Norske Samlaget, Oslo 1969.
  • Kong Christian den femtes norske lov 15de april 1687. Med Kongeloven 1665. Universitetsforlaget 1982.
  • Norsk riksmålsordbok.
  • Ordbog over det danske sprog, København 1926/1966.
  • Salmonsens konversationsleksikon, oppslag «Husbond», København 1921.