Husmannsplasser i Orkdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Orkdal Historielag har startet på et prosjekt om husmannsplasser i gamle Orkdal Kommune. Det er en gruppe på spesielt interesserte personer som er med. Prosjektet står pr. dato på pause, men planen er å starte opp igjen i nær fremtid.

Ljåmobakken

Namn på plassen Ljåmobakken, Dalabakken
GPS-posisjon (UTM 32V) EU89 UTM33 7025409N 240687Ø
Høgde moh 30
Tilstand Borte. Nye hus i området
Plass under Ljåmo
Gnr. Bnr. Under 20/3
Tidsperiode 1626-45, 1755-ca. 1860
Erich Ljåmo 1626-33
Søren Ljåmo 1645
Erich Olsen 1755-1772
Ole Erichsen 1772-1830
Berit Olsdtr 1830-1844
Ole Jacobsen 1844-ca.1860
Omtale:

Erich Ljåmo var husmann 1626-33, og Søren Ljåmo ved koppskatten i 1645. Han var enkemann og hadde ein sønn Balitzar.

Ved ekstraskatten 1762 var Erik Olsen og Marit Torgersdtr husmannsfolk, med dattera Beret født 1738. Dei hadde tidlegare vore husmannsfolk på Kvamsbakken. Erik og Marit vart gift i 1755. I tillegg til dottera Beret fekk dei i 1756 sønnen Ole. Marit døydde i 1766 og Erik i 1772. Berit vart i 1798 gift med Iver Haldosen Hongslo, og dei vart husmenn på Leervei under prestegarden.

Sønnen Ole Eriksen overtok etter faren og bodde der med familien i 1801. Han vart i 1790 gift med Beret Olsdtr Klefsås født 1759, og dei hadde i 1801 barna Eric født 1790 og Guru født 1793. Guru vart i 1820 gift med Ole Jacobsen Hofsøren, men før det hadde ho i 1815 fått sønnen Ole med Ole Ingebrigtsen Bachsæter. Ole Eriksen døydde i 1830, og Beret i 1844.

Andreas Olsen var innerst hos Beret. Han var gift med Beret Rasmusdtr og fekk dattera Ingeborg i 1830, sønnen Ole i 1832 som døydde året etter. I 1865 bodde denne familien på Sundlimo.

Anders Iversen var innerst her i 1839 da han fikk dattera Beret som døydde året etter. Han var gift med Petronella Olsdtr. I 1842 fekk dei ei ny datter som dei også kalte Beret.

Etter at Beret Olsdtr døydde i 1844 overtok svigersønnen Ole Jacobsen Hofsøren og Guru Olsdtr. plassen. Ved folketellinga i 1865 bodde Guru på Ljåmoegga hos sønnen Ole Olsen. Ole Jacobsen hadde døydd i 1864 på Ljåmoegga og Guru døydde i 1869. Plassen kom ut av bruk etter at Ole Jacobsen og Guru Olsdatter flytta til Ljåmoegga.