Husmorvikarnemnda i Mo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmorvikarnemnda i Mo vart stifta i etterkrigstida som eit tiltak for å støtte husmora sitt arbeid i krisesituasjonar. Det vart gitt statstilskot til husmorvikarstillingar i norske kommunar sidan 1949, og blandt kommunane som fekk eit slikt tilskot var Mo. Husmorvikarnamnda skulle fungere som eit rådgjevande og sakkyndig organ i alle spørsmål om husmorvikaren si verksemd.

Bakgrunn

Husmorvikar var ei yrkesgruppe som erstatta husmora sitt arbeid i familiar i krisesituasjonar - særleg i bornefamiliar når husmora var sjuk. Norges Husmorforbund (i dag "Norges Kvinne- og Familieforbund") starta kurs for husmorvikarar i 1947, og i 1949 vart det innført eit statleg tilskot og utarbeida ein normalplan for verksemda. Ordninga med husmorvikarar nådde eit høgdepunkt midt i 1960-åra då om lag 50 000 familiar fekk hjelp årleg.

Etter kvart som det vart færre heiltidshusmødre og då sosiale ordningar som barnehagar, pappapermisjonar osv. vart bygd ut, vart husmorvikarordninga avvikla. I dag gir kommunane personlig hjelp i heimen gjennom den kommunale pleie- og omsorgstenesta.

Arkiv

Arkivet etter Husmorvikarnemnda i Mo er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

Hatland, Aksel. (2016, 2. desember). Husmorvikar. I Store norske leksikon. Hentet 2. januar 2017 fra https://snl.no/husmorvikar.