Ingeborg Søndenå
Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde[1].
Songen om Ingeborg
Den lokale diktaren Bjørn Ljung har skrive ein song om Ingeborg med tittelen "Gløym meg aldri":
Ved Juvastøl kanjon i Allmannajuvet
der bilane hovudstups hastar forbi, eg skimta på hi sida elva ei gruve – ein draum og ei von frå ei gløymd, gamal tid. - - - Eg rusla opp vegen til slagget og stollen, i kvitveis og far etter stordrift ein gong. Då høyrde eg vårmjuke tonar frå vollen – ved trollstien sat der ei hulder og song: - - - Du er orda i mi sorg. Eg er krafta i di jord angen av ein nattfiol. Gløym meg aldri - eg er Ingeborg. |
På toppen av malmen som bergingsvon blenkte –
på tospente, tunge og langsame lass med tarm og med spøt - og med gråt - sat ei jente og drøymde ein ljosare, varmare plass. - - - Du er varmen i min vår. Eg er såret ditt som gror. Lengten frå ein nattfiol. Gløym meg aldri - eg er Ingeborg. - - - Det går som eit sukk gjenorn nattstille lier. Stilt er det i laget. Og feiselens klang skal aldri meir klinga til slusken si vise og lokka frå Juvastøl glimande malm. |
Du er såkorn i mi mold.
Eg er krossen i ditt spor, styrken i ein nattfiol. Gløym meg aldri - eg er Ingeborg. - - - Stille smyg natta om sotsvarte vegger. Frå taket dryp vatn på draumar som var. Eit ekko frå fossen er hamrar og slegger som jamrar og syng i eit botnlaust skar. - - - Du er hauststorm i ei osp. Eg er bladet, raudt som blod. Sommarfugl hjå nattfiol. Gløym meg aldri - eg er Ingeborg |
Ingeborg Handverk
Ingeborg Handverk S.A. er eit samvirkeforetak som strikkar ulike handverksprodukt til sal i Allmannajuvet[2]. Dei fem kvinnene i foretaket utvikla produkta i samarbeid med arkitekt Peter Zumthor. Namnet har dei henta frå si inspirasjonskjelde, Ingeborg Søndenå.