Instrumentalis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Instrumentalis er eit adverbialt kasus som uttrykkjer middel. Namnet blir mest bruka i grammatikken for indoeuropeiske språk. I samband med uralske språk blir eit meir eller mindre tilsvarande kasus helst kalla komitativ. I nordgermansk, som forlengst har mista instrumentalis, blir den tilsvarande meininga gjerne uttrykt med preposisjonen med: Ho skriv med blyanten. I somme dialektar som framleis har aktiv dativ finst det relikt-uttrykk der ein instrumental funksjon blir uttrykt preposisjonslaust med verb + middel-substantiv (og evt. adjektiv og talord) i dativ, slk som i desse eksempla frå Nordmøre:

  • Hó häng hainno. ('Ho heng [med] hendene.' (Det vil seie, ho sitt utan å gjera noko med hendene.))
  • Hainn hakka toinno. ('Han hakka [med] tennene.' (Han hakka tenner.))
  • Hainn kjörd lösåræpa. ('Han køyrde lausom reipom.' (Det vil seie, han køyrde med lause reip, altså utan lass.))
  • Hó kröp fírofóto. ('Ho kraup [med] firom fotom.' (Det vil seie, ho kraup [med] fire føter, altså på alle fire.))

Sjå òg