Interkommunalt arkiv i Rogaland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Interkommunalt arkiv i Rogaland (IKA) var skipa i 1975 som den første interkommunale arkivinstitusjonen i landet. I dag er 23 av dei 26 kommunane i Rogaland medlemmar i IKA. Stavanger og Haugesund har eigne byarkiv. Interkommunalt Arkiv har nært samarbeid med Statsarkivet i Stavanger. Dette gjeld både for oppbevaring av spesielle typar arkivmateriale som fotografi, magasinsamarbeid elles og samarbeid når det gjeld tekniske tenestar.

Fotoarkiv

Interkommunalt Arkiv har for lengst ordna og katalogisert alt arkivmaterialet frå tida før kommunesamanslåingane i 1964/1965. I desse arkiva finst det svært lite fotomateriale. Arkiva frå 1970-åra og framover viser ei aukande mengd fotografisk materiale. IKA ordnar og registrerer dette materialet med merknader i arkivlistene og pakkar materialet i spesialemballasje. Dei største fotoarkiva med kommunal proveniens tilhøyrer Rogaland fylkeskommune. Dette gjeld både arkiv skapte før 1960 og nyare arkiv. For tida før 1960 har dei helseinstitusjonane som fylket overtok etter HVPU-reforma store fotosamlingar i arkiva sine. Dette gjeld først og fremst dei nedlagde institusjonane, Nærlandsheimen og Bakkebø. IKA har ordna desse avslutta arkiva. Arkiva er klausulerte. Fotomaterialet her skriv seg også for det meste frå tida etter 1960.

Av nyare arkiv ved Rogaland fylkeskommune merkar særleg fylkeskonservator sitt arkiv seg ut. Dette går tilbake til opprettinga av fylkeskonservatorstillinga i 1966 og inneheld ei omfattande fotografi- og diasamling av eldre bygningar og bygningsmiljø i fylket.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Interkommunalt arkiv i Rogaland er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 58.9317993° N 5.7040058° Ø