Inngangskone

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Introduksjon»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangskoner av Harriet Backer (1892)

Inngangskone, eller introduserte barselkvinner, er ei kvinne som følgd av presten går i kyrkje og vert introdusert på nytt for kyrkjelyden etter ein barnefødsel. I norsk rett var slik introduksjon lovfesta til 1754; sidan var ordninga frivillig, og med visse geografiske skilnader fall skikken bort i løpet av hundreåret som følgde.

I gamle kyrkjebøker er det oppført når kvinner vart «introduceret» på denne måten.

Innhald

Fem-seks veker etter at barnet var fødd, vart mora følgd til kyrkja. Her venta ho utanfor, eller i våpenhuset, og presten gjekk ut for å møte henne – anten før gudstenesta eller før ein av salmane før preika. I ein kort tale minte han henne på å takke Gud for hjelp gjennom trengslene, og for å ha fødd eit menneske til verda. Så lyste han velsigninga over den nybakte mora. [1]

Bakgrunn

Påbodet om introduksjon av barselkvinner har samanheng med kravet om reinsing som ligg i den gammaltestamentlege lova om barselkoner,[2] ein skikk det òg vert fortald om at Maria følgde då Jesus vart fødd.[3]

Martin Luther likte ikkje skikken med introduksjon av barselkoner.[4] Han meinte det var feil å jamstille barselkona med ein heidning eller å sjå henne som urein. Skikken stod likevel så sterkt at han overlevde reformasjonen. Kyrkjeritualet av 1685 presiserte at skikken ikkje var knytt til reinsing frå synd eller ureinleik. Dette vart presisert i omtalen av skikken med introduksjon av barselkoner: «… hvilket skeer ikke for den skyld, at mand skulle agte dem mer syndige og ureene for Gud, end andre Mennisker, etersom de i det Ny Testamente ere af Gud selv befriede fra den Jødiske Renselse …». [5]

Kristian den femtes norske lov påla kvinnene å halde seg innomhus i fem-seks veker etter at dei hadde fødd, og at gifte kvinner så skulle bli introduserte for kyrkjelydenNL 2-8-9. Desse reglane vart oppheva i 1754. Likevel heldt skikken seg i lang til, nokre stader inn på 1900-talet. Landstads reviderte salmebok, som kom ut i 1926, hadde ein salme meint for bruk ved «mødres kirkegang»: «Til dit hus med takkesang / Kommer jeg, min Gud, tilbake, Holder glad min kirkegang, Du i nåde mot mig take!» (Nr. 719)

Ved liturgirevisjonen i 1975, vart ordninga borte frå det norske kyrkjeritualet.

Skam eller ære?

Det er ulike meiningar om korleis kvinner oppfatta skikken med å stå inngangskone. Samtidige kjelder kan halde kyrkjegangen fram som ei høgtidsstund for mora. Innsamla tradisjonsmateriale tyder på at kvinner oftare såg skikken som audmjukande. Samstundes kan reglane om at kvinner skulle halde seg i ro etter fødselen, ha vore med å gje dei ei tiltrengt kviletid. [6] Uansett var det mye sed, skikk og tro rundt denne fasen i kvinners liv: Frå Søgne heiter det om "kyrkjegangskonor" at

Når ei kona hadde lege i barnseng, måtte ho ikkje lydast in til nokon utanfor huset fyrr ho hadde "gått i kjørkje". Denne skikken heldt seg truleg til umlag 1900 [7].

Lokal sed

I Vefsn var det skikk at moras fyste kyrkjegang skjedde samstundes med at barnet blei døypt. Det var òg skikk at ho venta med å liggje med mannen sin til etter kyrkjegangen.[8]

Sjå òg

Referansar