Islandsgeit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Islandsgeiter.
Foto:  Magga Dóra

Islandsgeit (isl. íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (isl. íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).

Utsjånad

Islandsgeitene er relativt små, med ei vekt på kring 35–50 kg for geiter og 60–75 kg for bukkar. Fødselsvekta er kring 2–3 kg. Dei fleste bukkane og geitene har horn, men det finst òg ein del kolla individ av begge kjønn. Kring 20 % av dyra er kvite, resten har ymse fargetypar. Ragget består av lange dekkhår med fin kasjmirull til underull.

Geitene gjev kring 1 l mjølk om sommaren og ned mot 0,5 l utpå hausten.

Lenkjer