Jøldalshytta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Jøldalshytta 2009
Foto: A. Kjelland

Jøldalshytta er ei av hyttene til Trondhjems Turistforening (TT) i Trollheimen. Ho ligg på Jøldalen i Rennebu og er den andre hytta TT har hatt i dette området. Den hytta som står no vart bygd i 1917 i to etasjer med kjøken, peisestove og rom for betjeninga i første etasje og 8 soverom med 23 senger i andre etasje.

Den første Jøldalshytta lå i den store setergrenda lenger framme i Jøldalen, der mange gardar i Grindalsgrenda i Rennebu har setrar. I 1907 kjøpte TT ei av desse, Hosetsetra for 520 kr, og tok ho i bruk som den andre turisthytta foreininga hadde i dette fjellområdet.
«Brunhytta», første Jøldalshytta 2009
Foto: A. Kjelland
På setra stod det seterhus, fjøs, høyløe, vedbu og mjølkebu da TT kjøpte. Tømmeret i fjøset og høyløa vart brukt til å bygge på seterhuset slik at det fekk to rom og ti senger. Men allereie i 1912 hadde trafikken blitt så omfattande at på- eller nybygg vart drøfta. Da nyhytta vart bygd kjøpte Fridtjof Brun og Birger Kvenild gamlehytta, som seinare har vore kalla «Brunhytta». Sjølve gav dei hytta namnet «Jølhaugen», og det har seinare kome inn på kartet og festa seg på heile området.
HV-ungdomar frå HV-12s Ungdomsavdeling Trondheim på fjellsikringstjeneste, Jøldalshytta påska 1962 eller kanskje 1963. Sjef fenrik Harry Nilsen sitjande framme til høgre
Foto: Magna Kjelland
Den nye Jøldalshytta vart bygd 3-4 km lenger utover Jøldalen, på Vollan, ei vid, open slette sør for vestenden av Jølvatnet. Det vart dyrt for TT, for arbeidet gjekk føre seg i dyrtida under første verdskrigen. Bygginga kom på kr 25.000.

Jøldalshytta vart på- og / eller ombygd i 1963, 1990 (med ny sjølvbeteningsdel) og 2005. I 2005 hadde ho 80 sengeplassar.

Litteratur

  • Brox, Karl H. 2005: Fjellets arvesølv. TTs hytter gjennom tidene. Trondhjems Turistforening s. 176-192.

Koordinater: 62.86261107° N 9.50899422° Ø