Jørenvåg

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Jørenvågen på Tustna)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørenvåg
C09742 Joerenvaagen.jpg
Jørenvågen, juli 2013.
Alt. namn: Jørgenvåg
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 205
Postnummer: 6590
Jørenvågen er flat og omkransa av låge, men bratte bergsider.
Foto: Olve Utne

Jørenvåg(en) (uttale: /'jø:rn,ˌvɔjen/ nom./a., /'jø:rn,ˌvɔja/ d.; slektsnamn: Jørgenvåg) er ein våg, namnegard og matrikkelgard nærme den sørvestlege enden av Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden har matrikkelnummer 205. Han grensar til Lervågen i vest, til dei mindre matrikkelgardane Ljustad og Hagan i søraust og til Sør-Halsnes i aust. Fjellvaldgrensa går langs egga frå Jurtinden til svokka mellom Jurtinden og Leirtinden (Vakta). På austsida av fjellryggen grensar valdet til Gullstein.

Topografi og arkeologi

Garden har namn etter sjølve Jørenvågen. Landskapet er flatt ned mot sjøen, og vågen er grunn. Ved kring 10–17 moh. er vågen og innmarka omkransa av bratte sider, både langs Jørenvågelva og langs den mindre bekken som har utløp rett nordom.

Bjønnahammaren

Steinalderbuplassen i Bjønnahammaren.
Foto: Olve Utne

Langs den bratte hammaren austetter, kring 360 meter austom bnr. 1, ligg Bjønnahammaren, ein heller på ei flat hylle ca. 30 moh. Helleren er opptil 5 m frå bakvegg til dropefall, og høgda er kring 10–15 m. Her vart det utgrave ein buplass frå slutten av yngre steinalder ; dei første funna (inkludert restar av eit menneskekranium) vart registrert i 1929, og hovudutgravinga skjedde i 1932 ved Th. Petersen. Funna inkluderer:

Stein Bein Anna
  • flint: flekkje, to flintavslag
  • grønstein: tverrøks, meisel
  • andre: del av slipestein (sandstein), pimpstein med glattingsfurer, muleg slagstein
  • menneske: restar av kranium, bit av overarmsbein
  • knoklar: elg, rein, geit...
  • reiskapar: harpunspiss, sylar, ongel
  • muslingskal

Namnet

Den flatvorne innmarka i Jørnvågen er omkransa av bratte hamrar — her: Bjønnahammaren. Desse hamrane kan ha gjeve namn til vågen og garden.
Foto: Olve Utne

Rygh oppgjev desse historiske namneformene:[1] Jørenwogh NRJ. II 63. Jørrenuogh 1559. Jørnuogh 1590. Jørgennuog 1643. Jørnwaagh 1667. Jørgenvaag 1723. Han skriv vidare:

Da Navnet vist er gammelt, maa det vel være *Jǫrundarvágr, af Mandsnavnet Jǫrundr, som i senere Tid oftere er blevet forvexlet med Jørgen. Se PnSt. S. 150. Det er dog ikke umuligt, at 1ste Led kunde indeholde et opr. Fjordnavn. Der kan henvises til, at Hjørundfjord i Søndmøre ogsaa i 16de Aarh. skrives Jøren- og i 17de Jørgen-. Jfr. ogsaa, hvad der Bd. XVI S. 373 er bemerket om Jørgenfjord i Vesteraalen. Gaarden har Navn af en lang, smal Vik, i hvis Bund en Aa munder ud.

Bildegalleri

Kvennhuset

Andre bilde

Fotnotar


Koordinater: 63.1485187° N 7.9883706° Ø