Jaktkoie ved Løyftene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Koia slik ho såg ut i 2019, før restaureringsarbeidet starta

Jaktkoie ved Løyftene er ei gamal jaktkoie, ikkje langt frå fjellknausen Løyftene ved den gamle ferdselsvegen mellom Eikesdalen og Bjorlie I Lesja kommune

Historikk

Ho skal vere bygd av ein gardbrukar frå Systugu Bjorlie, men det er usikkert. Koia var nok av den typen som òg lokalt er kalla herbør. Bua vart i alle fall oppattbygd sist i 1950-åra av Olav Brøste frå Verma og nokre av brørne hans. Dei køyrde opp takbjelkar og bølgeblikkplater med hest og ordna koia slik at ho kunne brukast særleg under reinsjakta og fiske i tjønnene i området.

Restaurering

Med åra forfalt koia, men i 2019 fekk Odd Sigmund Brøste løyve til å restaurere ho att slik at ho kan brukast på liknande måte. Det vart gjort i 2020–2021, og koia står no tilgjengeleg for den som må ha behov for eit lite krypinn.

Kjelder

  • Familietradisjon
  • Omtale i lokalavisa Vigga 14.3.2019

Koordinater: 62.3297773° N 8.2396074° Ø