Jens Munthe (1719–1813)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Jens Munthe (1719-1813)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Munthe (fødd 29. mars 1719 i Hafslo, død 7. mai 1813 i Bergen) var son av sokneprest Christopher Munthe og Christine Ørbech. Han gifte seg i 1753 med Ingeborg Marie Juel.

Jens Munthe tok teologisk embetseksamen i 1746 og vart personleg kapellan i Luster i 1751 hjå sokneprest Jens Borchsenius. Han oppheldt seg i Luster "uden synderlig at forrette der" (Lampe) til 1774 då han drog til København for å søkje presteembete. Han vart sokneprest i Suldal 1775 og Hjelmeland 1777 og var ei tid prost. Han gjekk av med 300 rdl. i årleg pensjon i 1805.

Ludvig Munthe overtok delar av godset som var i Munthe-ætta. Mellom anna overtok han ein tredel av jordegodset faren hadde ått i Jostedalen og kjøpte fleire gardar slik at han i alt sat med 11 jostedalsgardar. To av dei selde han i 1757-58, ein i 1772 og resten i 1778 (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 18. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593–1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 259. (Digital utgåve)
  • Jens Munthe i folketelling 1801 for Hjelmeland prestegjeld fra Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer