Johan C.W. Juuhl

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Johan C. W. Juuhl)
Hopp til: navigasjon, søk

Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947). Som vaksen budde han i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att.

I minneordet over Johan Juuhl skreiv Morgenavisen:

"Det grå riket" kalte han "strilelandet", men det ble ikke grått i hans gjengivelse, det ble fargerikt og levende, og bok etter bok skrev han om menneskene og landet ute ved kysten - bøker som var sterkt preget av det grundige kjenskapet forfatteren hadde til emnet og av hans kjærlighet til det værhårde øylandet og til dem som bodde der. Sikkert har hans forfatterskap i stor utstrekning bidratt til å gjøre øygarden kjent, og hans i beste forstand folkelige bøker er blitt spredt over hele landet.

Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet.

Dottera til Anders Magnussen, Engel Karine (1813-1892) vart gift med Johan Vilhelm Juuhl (1794-1868), som kjøpte Brattholmen i 1844. Her slo familien Juuhl seg til som gjestgjevarar og handelsfolk.

Engel Karine og Johan Vilhelm fekk sonen Hans Johan Wilhelm Juuhl (1839-1888). Han var ein dominerande figur i Fjell frå han overtok som gjestgjevar og handelsmann i Brattholmen i 1862. Han var aktiv i samfunnslivet, og hadde mellom anna vervet som ordførar i kommunen frå 1868 til 1887. Han gifta seg med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland (1841-1932) og dei fekk fire søner: Johan C. W. (1866), Harald (1872), Hjalmar (1877) og Rikhard (1885). Ved folketeljinga i 1875 er familien registrert som busette i Brattholmen. Mor til Hans Johan Wilhelm og tre tenarar er også nemnde i hushaldet.

Sjølv om Johan C.W. Juuhl voks opp på strilelandet, tilhøyrde ikkje familien strilekulturen. Familien hadde derimot sterke band til Bergen og bykulturen. Likevel vart han godt kjent med strilane og veremåten deira. Særleg i butikklokalet til faren i Brattholmen, må den unge Johan ha hatt godt høve til å oppleva strilane og den folkelege kulturen på øyane vest for Bergen.

I og med at Johan var eldste son i familien, hadde nok familien tenkt at han skulle overta handels- og gjestgjevarstaden i Brattholmen. Då faren døydde i 1888, var Johan 22 år gammal. Firmaet vart drive vidare under det gamle namnet, H. J. W. Juuhl. Johan tok over styringa av forretninga, truleg saman med mora. I februar 1890 brann den gamle hovudbygningen i Brattholmen, men Juuhlfamilien bygde eit nytt, i sveitserstil, som stod ferdig året etter.

Ved folketeljinga i 1891 vart familien Juuhl registrerte som busette på Klosteret i Bergen. Her budde enkja Johanna Berntine med dei fire sønene. Johan vart nemnt som "Bestyrer i Kjøbmandsforretning Brændevinforretning".

I 1894 gjekk forretninga konkurs. Johan greidde å kjøpa eigedomen attende, men sat berre ei kort stund med denne. Frå 1895 var både hus, eigedom og forretning i Brattholmen på framande hender.

Johan Juuhl byrja tidleg som journalist, og arbeidde først og fremst i Bergen. Mellom anna skreiv han i "Morgenavisen". Han skal også ha vore journalist i Haugesund ei stund.

Johan Juuhl gifta seg 9. juni 1891 med Jenny Jakobine Nyrop Selmer (f. 1866), frå Bergen. Bryllaupet vart truleg feira i det nye, store huset i Brattholmen, som stod ferdig månaden før. Johan og Jenny fekk sønene Hagbart (ca. 1896), Johan (ca. 1899) og Hjalmar (ca. 1899). Johan og Jenny heldt truleg til i Brattholmen dei første åra, men familien var seinare busette i Bergen. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Magnus Barfodsgade, saman med mor til Jenny. Johan titulerte seg då som journalist.

Johan C. W. Juuhl døydde i Bergen 15. juli 1947, 81 år gammal. Enkja Jenny døydde tre år seinare.


Bibliografi

BØKER


Havstriler. Folkelivsbilleder. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Kristiania 1912.

Debutboka til Juuhl inneheld seks forteljingar med handling frå strilelandet:

  • Det grå rike
  • Bygdens første utvandrer
  • Den nye presten
  • Anders i Dalen
  • Da Per-på-Påna var ilde ute
  • Revnabergholmens saga

Gerhard Garatun-Tjeldstø skriv om Havstriler: "Det var nokre nokså enkle og kravlause småforteljingar - nærmast skissor [...]."

På omslaget til boka Kvalsryggen og Tarefjords-folket (1913) er følgjande omtaler av Havstriler:

Den er noget virkelig nyt i vor bokavl og interessant. (F. B. H. i ”Bergens Tidende”) Med ”Havstriler” har Joh. C. W. Juuhl erobret nyt Land for vor Literatur og kom han noget sent ind i det Eventyrland som han har gaaet og drømt om mange Aar, saa kom han godt. – Som Folkelivsskildring er ”Havstriler” noget af et Mesterverk. (E. W.-S. i ”Bergens Aftenblad”)

”Havstriler” er en merkelig bog i mere end en henseende. Den er det blandt andet ved at være debutarbeide i literært gjennembrud for en mand, som snart i en halv mandsalder har slidt med pennen, men først nu fundet sit felt og sin form. - - Derfor betegner ”Havstriler” noget mere end et literært gjennembrud for en mand, som længe har søgt sig selv. Det vilde i og for sig være nok til at gjøre bogen bemerkelsesværdig. Men den betegner samtidig en landvinding for norsk literatur. For første gang er Øigarden og havstrilen ført ind i vor bogverden. Og det er et eiendommeligt og interessant stykke Norge, som her er ?andet. (B. G. i ”Aftenposten”)

- Alt i alt er Johan Juuhls ”Havstriler” et dygtigt arbeide, som har baade dikterisk og kulturhistorisk verdi. D? lande? rikt ? ?and, som kj? godt som denne forfatter, vil jeg oprigtig haape, han ? faa leilighet til at skjænke os flere skildringer ute fra ”det graa rike”. (A. P. i ”Arbeidet”)


Kvalsryggen og Tarefjords-folket. Billeder fra en svunden tid. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Kristiania 1913.

Her finn ein to forteljingar: Tarefjords-folket (med kapitla Mot jul, Kirkefærd og Byreis) og Kvalsryggen.

Garatun-Tjeldstø skriv: "I [...] "Kvalsryggen og Tarefjordsfolket" [...] har han teke for seg nokre av dei same skissone og bygt dei ut til større forteljingar. "Kvalsryggen" er om eit ektepar som byggjer seg hus på ein liten holme og er inderleg tilfreds med den fatigslege heimstaden sin. Ein dag brenn huset deira, dei får husrom på ein av næraste gardane og har det for so vidt betre enn før, men vantrivst so det går på helsa laus. Ein dag er dei på ny i gang med husbygging ute på holmen. Folk i nordre Øygarden veit at det ligg ei sannsoga til grunn for denne fortelnaden. "Tarefjordsfolket" er om byferd og kyrkjeferd og joleskjenk - det er nærmast enkle folkelivsbilete, som armodsdomen grin ut or."


Sølvknappen. En livsskjæbne. Helge Erichsen & Co. (For Danmark: Erslev & Hasselbalch, Kjøbenhavn.) Kristiania 1915.

Garatun-Tjeldstø skriv: "I "Sølvknappen", som kom i 1915, gjer Juuhl eit forsøk på djupare menneskeskildring, og greier det eit stykke på veg. Men på eit nokso avgjerande punkt sviktar det. Då hovudpersonen, Jon, var liten, fekk han ein sylvknapp hjå godfaren, og so var det ein annan gutunge som terga og spurde kvar han hadde stole knappen. Det tykkjest lite truverdig at dette tergespursmålet skulle få dei konsekvensar gjennom Jons liv som forfattaren fortel om. Og likevel er boki "Sølvknappen" eit litterært framsteg jamført med dei to fyrste, meir dikting enn dei to.


Det store uveiret. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Kristiania 1918.

Omsett til nederlandsk: De Kracht van den storm. Naar het noorsch bewerkt door M. J. Molanus-Stamperius. N.V. Uitgeversmaatschappij E. J. Bosch JBZN. Amsterdam (uvisst år).

Garatun-Tjeldstø skriv: "I 1918 kom "Det store uveiret", om småguten Per som av oldefaren får lagt på seg den tunge oppgåva å berga hemegrendi, som ligg i ein våg ut mot sjølve havet. Han skal byggja molo, for ein dag vil det store uveret koma. Per veks til og går i gang med arbeidet, grannane lever utan ank og otte, dei motarbeider han og gjer narr av han. Men ein dag kjem uveret - over ei grend og eit folk som den eine rettferdige ikkje kan berga. - Det er ei nokså romantisk historie, om ein helt og mange vrangvillige og sneversynte menneske. Som tendens-roman kunne fortelnaden vera lagd til kva bygd som helst på norskekysten."


Veien vor. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Kristiania 1921.

Garatun-Tjeldstø skriv: "Fyrst med den femte boki, "Veien vor", som kom i 1921, når Juuhl, fram til å gjeva ei skildring av ein stril som står so sant og ekte i sitt miljø at jamvel ein heimealen stril kan godkjenna han som sann og ekte heimbygding. Det er ei vakker soga om kårkallen Kjæfta-Lars på hans gamle dagar, ein vanleg strevsam slitar av ein fiskar på Strilelandet. Det er ei menneskeskildring som på sume måtar minner om fiskaren Markus i Gabriel Scotts "Kilden". Ikkje so å forstå at Kjæfta-Lars er lytelaus, gud-betre. Juuhl legg ikkje dulsmål på nokon ting i so måte. Men han viser og korleis Lars byggjer opp og bergar mennesket i seg gjennom alt grapset livet fører med seg."


Havstril. Billeder fra en svunnen tid. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 1937.

Dette er til dels ei omarbeidd utgåve av dei to første bøkene til Johan Juuhl: Havstriler (1912) og Kvalsryggen og Tarefjords-folket (1913). Mellom anna er språket meir normalisert, eller som Juuhl skriv: ”Denne svunne tids typiske havstrildialekt er i dialogen delvis betydelig lempet av hensyn til forståelighet.” Boka inneheld desse forteljingane:

  • Havbrynets kongerike. (Basert på Kvalsryggen.)
  • Den nye presten. (Basert på Den nye presten.)
  • Amerikabilletten. (Basert på Bygdens første utvandrer.)
  • Doktorens tuktemester.
  • Vetla-Olinas første byferd. (Basert på kapittel III – Byreis, i Tarefjords-folket.)
  • Juleskjenk. (Basert på kapittel I – Mot jul, i Tarefjords-folket.)
  • Støvandes julehelg.


Mor Norges eventyr. For barn og ungdom. A. M. Hanches forlag. Oslo 1942.

Illustrasjonane er laga av G. Gjerding.


ARTIKLAR OG FORTELJINGAR I ANDRE PUBLIKASJONAR

  • Bergen. Illustreret ugeblad. Udg. og red. af Johan C.W. Juuhl. Bergen 1899.
  • Kjærestesorg. I Bergenshumør. Haakon Tønnesens forlag. Bergen 1915.
  • Henrik Ibsens by. I Verden og vi. 32. København 1916.
  • Havstril og bergenser. Et billede fra 80-aarene. I Bergenseren. Paaskenr. 1919.
  • Ane Malenemor sin værste brøstkjøling. I Bergenseren. Julen 1919.
  • Sofaen. I Humør 1920. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Kristiania 1920.
  • Grimstad where Ibsen wrote his first play. I The American-scandinavian review. Dec. 1921.
  • Bolignød. I Humør 1925. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 1925.
  • Julesorg og nytaarsglæde. Bergensbillede fra en svunden tid. I Nordmf. juleh. 1926.
  • Mors juleglæde. Bergensbillede. I Juletoner. Bergen 1926.
  • Henrik Ibsen als apothekersleerling in Grimstad. Van Johan C.W. Juuhl te Bergen. Vertaling van M.J. Molanus-Stamperius. I Eigen Haard. Jahrg. 54. Haarlem 1928.
  • (Ukjend tittel.) I Signal. Illustrert ukeblad for sjø og land. Julenummer 1928.
  • (Ukjend tittel.) I Jul i bygden. (Redaktør: Sigurd Fjørtoft). 1928.
  • St.Hans i de svunne tiders Bergen. I A-Magasinet 25 (1934).
  • Bergen og nabolag. Krisetidens underholdningsmagasin. Sommeren 1940. Utg.: Joh. C. W. Juuhl. Bergen. [Truleg identisk med:] De gandes(?) minner. Bergensk St. Hans-billede. I Bergen og nabolag. Krisetidens underholdningsmagasin. Sommeren 1940.
  • Øygardsjenta på byferd. I Nordmf. juleh. 1940.
  • (Ukjend tittel.) I Juleglede. Redaktør: Kristofer Eriksen. 33. årg. Oslo u.å. (1943).


Sitata av Gerhard Garatun-Tjeldstø er henta frå artikkelen Bokmannen Johan C. W. Juuhl, i Frå Fjon til Fusa. Årgang 34. 1981.

Litteratur om Johan C. W. Juuhl

  • Dåvøy, Kjell Terje: Soga om Fløskjeret. I Havstrilen. Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden. 2001.
  • Garatun-Tjeldstø, Gerhard: Bokmannen Johan C. W. Juuhl. I Frå Fjon til Fusa. Årgang 34. 1981.
  • Gjessing, Elizabeth : Handlende havstriler. En studie av handelskreditten i Fjell sogn mellom 1800 og 1865. Hovedfagsoppgave i historie. Universitetet i Bergen. Høsten 2001.
  • Johan C. W. Juuhl død. Minneord i Morgenavisen. 1947.
  • Welle-Strand, Edvard : Det grå rikes dikter. I Urd. Nr. 22, 47. årgang. 19. mai 1943.
  • Ågotnes, Jakob E.: Brattholmen. Med rett til å bryggja øl og skjenkja vin og brennevin. I Havstrilen. Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden. 2003.

Bakgrunnsstoff