Jon Bergsåker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Bergsåker (fødd 5. september 1917 i Sandnes, død 3. oktober 1992 same stad) var redaktør og fylkeskonservator, lokalhistorikar og etnolog.

Foreldra var gardbrukarparet Trygve Bergsåker (1895–1988) og Selma fødd Ims (1894–1938). Dei dreiv garden Bergsagel der Jon voks opp. Jon gifta seg i 1947 med Ingeborg Kristina Ims (1914–2001). Dei busette seg på Ims. Ingeborg dreiv butikk, medan Jon var journalist og seinare redaktør i Dagbladet Rogaland i Stavanger. Familien flytte til Stavanger i 1956.

Hausten 1974 vart han fylkeskonservator i Rogaland. Fleire jubileumsbøker og kulturhistoriske arbeid og artiklar kom frå hans hand.

Bibliografi (utval)

  • Sauen som mjølkedyr i norsk husdyrhald. 1973. Hovudoppgåve i etnologi. Universitetet i Oslo. 156 bl.
  • Tust og tresking. Ei etterrøking kring før-maskinelle korntreskings- og kornreinsingsmåtar i Noreg. 1978. 207 s.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!