Jon Eriksson Sparf

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herr Jon Eriksson Sparf (om. 1500–om. 1561), òg Jonas Erici (latinisert), var sokneprest i Strøms og Hammerdals sokn i Jemtland.

Personalia og familie

Jon Sparf var fødd rundt 1500 og døydde rundt 1561.

Tre av Jon Sparf sine barn er kjende.

  • Erik Jonsson Sparf, sokneprest
  • Dotter 1, gift med Lars i By
  • Dotter 2, gift med Sjur i Gisselås

Virke som prest

Jon Sparf var truleg første lutersk-evangeliske presten i soknet. Dei evangeliske talane hans seiest å ha vakt harme hjå tilhøyrarane, og i eitt tilfelle kom det til at dei jaga han ut or kyrkja og til prestegarden. Då han sjølv der vart truga, vart han nøydd til å trekkja sverd (dalbila) for å stogga massane. Folk klaga deretter til biskopen i Trondheim, som visst skal ha svara: «Ein hyrde lyt merkja fåra sine slik at han betre kan kjenna dei igjen.»

Litteratur

  • Bygdén, Lennart: Härnösands stifts herdaminnen Side 300.
  • Hasselberg, Bertil: Supplement till Härnösands stifts herdaminnen för pastoraten i Jämtland og Härjedalen Side 108.
  • Lundkvist, Sven, Sparf-forskar

Utgåande lenker