Jonas Knutsson Mo Linvåg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jonas Knutsson Mo Linvåg (1759-1831) var fødd på garden Mo i Ålvundeid i Sunndal prestegjeld. I perioden 1788-1795 tenestegjorde han i Kongens livvakt i København, og han vende attende til Nordmøre i 1795 som underoffiser. I 1798 vart han gift med Anne Kristendtr. Linvåg (1772-1851), dotter til brukaren på Linvåg i Edøy prestegjeld. Jonas fekk ved giftemålet bygsel på garden. Ekteparet fekk fire born, men berre tre vaks opp. Linvåg var ein etter måten stor gard som også omfatta ein heil del skog. Det vart drive sagbruk på garden, ein aktivitet som Jonas Knutsson vidareførte. Han dyrka også opp ny jord, tok initiativet til utskifting og bygde nye hus på garden. Linvåg tilhøyrde Kvernes prestebord, og garden var i ein periode bustad for presten på Grip. I 1824 vart garden kjøpt av Jonas Knutsson og den komande svigersonen hans, den nyutnemnde lensmannen Ole Ingebriktsson Halse. Garden vart for ein lang periode framover både lensmannsgard og tingstad.

Jonas Knutsson Mo Linvåg var valmann for Edøy prestegjeld våren 1814, og han vart vald som representant for Romsdals amt til det første ordinære Storting i 1815. Han skal ha vore ein fritenkjar i religiøse spørsmål.

Kjelde

  • Ottar Roaldset: Tustna bygdebok, bd. 1, s. 382-399.