Jondal Bilruta var eit transportselskap i Jondal i Hardanger. Selskapet vart starta i 1947 av Ola J. Espeland, som kjøpte ein lastebil til bruk for mjølketransport. I 1951 utvida han til kombinert gods- og personrute. Nokre år seinare skaffa selskapet ein kombinert buss med 16 sitjeplassar. Bilruta dreiv fram til byrjinga av 2000-talet, då ho vart kjøpt opp av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Kjelder og litteratur
Losnegård, Gaute: Jondal kommune - Frå øksehogg til tastetrykk, Jondal kommune 2006, s. 449.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!