Jordskifte 1894-1900 på Ytre Berge i Høyanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Før 1900 var innmarka til dei 5 bruka på Ytre Berge i Høyanger delt i mange teigar og bygningane var samla i eit fellestun. Etter utskiftinga eller jordskiftet blei kvar av bruka samla til kvar sine teigar. Bygningane blei flytta frå fellestunet ut til dei nye bruka.

Utskiftingane av utmarka vart utsett til 1935.

Jordskiftekart frå Ytre Berge i 1900.

Oppdeling av garden til mange bruk i perioden 1535-1685

Ytre Berge er nemnd som eigen gard i 1535 i Vincentius Lunges Jordebok[1]. Då er det antatt å være eit bruk. Etter dette blei garden delt opp, i 1611-1660 var det 3 bruk, 1661-1685 4 bruk, og frå 1685 var det 5 bruk.

Landskylda i 1685 var 2,5 pd smør for bruk 1-3 og 1 pd 6 merker smør for bruk 4 og 5. Skylda i 1900 var 4,19 skmrk (skyldmark) for bruk 1-3, og 2,07 skmrk for bruk 4 og 5 og 2 mark 7 øre, altså om lag det same forhold mellom bruka som i 1685.  

Teigblanding

Det finns ikkje historiske kjelder for korleis dei ulike teigane blei drevet på Ytre Berge. Men venteleg var teigblanding og konsekvensane av det, det same som andre stader. Små teigar, både åker og  enger, som det ikkje var mogeleg gjerde inn, teigar med årsrotasjon, samt at all innmarka vart brukt til fellesbeite om våren og hausten. Ettersom teigane var små var det vanskeleg å få til effektiv drenering og nydyrking.

Den nye lova om utskiftingar blei innført 1859 gjorde det enklare å samle småteigane til store teigar for kvart bruk. Det blei og gitt eit statleg tilskudd dekte vesentlege delar av kostnadene ved utskiftingane. Større teiger gjorde mogeleg å gjennomføre tiltak som arrondering for å drenere jorda, nydyrking og inngjerding. Dette igjen ville auke avlingane og effektivisere drifta. Tilsaman ga dette tilstrekkelig motivasjon til å gjennomføre utskiftingar.

Kart over tunet på Ytre Berge i 1900.

Grunnlag for utskiftingar i perioden 1894-1900

Det vart gjennomført utskiftingar på Berge i 1838, som må ha vore etter jordskiftelova av 1821. Detaljar frå desse utskiftingane er ikkje kjent.

Karta over utskiftingane over Ytre Berge 1894-1900 er bevart i privat eige. Utskiftingskartet for innmarka viser teigane før utskiftingane. Inndelinga i teigar var eit resultat av hundreår med gardsdrift, med oppdeling av garden til fleire bruk, samt ved nydyrking. Ved oppdeling av bruka vart teigar med same verdi delt opp mellom dei ulike bruka i forhold til landskylda. For å meir rettferd var det og vanleg med rotasjon mellom gardane, såkalla årsskifte. På utskiftingskartet er det nokre teigar som er felleseige, dette kan være teigar med årsskifte.  Ei rekke rettssaker og stevjingar vitnar om at teigblandinga på Ytre Berge var vanskeleg å halde oversikt over.

Tilsvarande er bygningane farga etter dei ulike bruka (sjå kart). Det er ikkje lett å sjå noko system. Smiene ligg i utkanten, sikkert årsaka av brannfare.

Før 1900 var jorda til dei ulike bruka på Ytre Berge altså oppdelt. Bygningane låg og slik til at det var vanskeleg å reise nye og meir moderne bygg. Det var altså behov for utskiftingar etter lov om utskiftingar som blei innført i 1859.

Gjennomføring av jordskiftet

Detaljar for utskiftingane for innmarka av Ytre Berge er kjend frå «Udskiftningsforretning over Ytre Berge»[2], dette er et ekstrakt av forhandlingsprotokollane frå 1897-1900 og er signert 15/12-1925. Kart teikna under jordskiftet viser både gamle teigar og nye gardar. Utskiftingane inkluderte og eigedomsgrensene mot Indre Berge, Øvre Berge og Nordeide.

Utskiftingane blei rekvirert 22 oktober 1894 av Ola Bergeson, eigar av bruk nr 1. Utskiftingane hadde første møtet 30te april 1897. Kart over innmarka, med totalt 730 teiger, inkludert teigane ned til fjorden, blei utarbeide i løpet av sommaren. Retten møtte deretter om hausten for å foreta bonitering.

Ein skifteplan blei førelagd partane forsommaren 1898. Teigane for dei ulike bruka etter utskiftingane vises på jordskiftekartet.  Grensene for bruka er framleis dei same. Utskiftinga av utmarka over gardane vart utsett og gjennomført etter at det vart teikna kart i 1936.Skifteplanen var detaljert, stort og smått er tatt med. Skog på heimeteigane, gjerdeplikt, vegar som skulle flyttast og byggast, vegrett, tilgang til vatn og så vidare. Ei av fleire detaljar er «for 4 æbletræer og 1 pergamuttræ og 7 kirsebærtræer har Endre Hansen at betale til Lars Larssen kr. 45.».  («pergamutt» er ein sort pære )

Total kostnad for riving, flytting og gjenoppføring av bygningar var berekna til 2325 kroner.  Det offentlege dekte 1025kr, dei ulike partane måtte dekke kostnadene over dette anslått til 1300 kr. Kart over gamletunet frå 1900 viser bygdetunet slik det sto før flyttinga. I alt 38 bygg måtte rivast, flyttast og byggast opp at innafor 4 år. Bruk nr 1 måtte kunn flytte eit bygg, ei smie for ein kostnad av 25 kroner. Kvernhusa måtte stå ved Bekkåna. Bruk nr 2 måtte flytte si til Sauåna.  

Total kostnad for utskiftingane var 456,26 kroner.

Ettersom det var klager på skifteplanen gjekk den vidare til overutskifting. «Overutskiftningsmennene» tilførte sluttprotokollen 6.10.1900 at dei meinte endringane var vesentlege. Men til dette blei det lagt til «kan formanden, som leder af forretningen, ingenlunde dele denne anskuelsen», han meinte at endringane var uvesentlege. Total kostnad for overutskiftinga var 342,80 kroner. Medteken alt var felles kostnad 3124,06 kroner, av dette dekte staten 1025 kroner.

Jordskifte av utmarka 1935

Utmarka blei kartert i 1897, men jordskifte blei ikkje gjennomført før i 1935.

På ein kopi av jordskiftekartet fra 1935 er stadnamna i utmarka tegna inn.

Sjå bildegalleri under.

Bildegalleri

Utskifting av innmark

Utskifting av utmark

Kjelder

Leif Leirnes, Adolf Førsund, Sigurd Førsund, 1963, "Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik." 3 bind.

Referansar

  1. Jordebog over Hr. Vincentius Lunges Gods i Norge, omlag 1535.
  2. "Udskiftningsforretning over Ytre Berge", 1924. Oppsummering av utskiftingane på Ytre Berge i Høyanger 1894-1897. Privat eige.