Jostedal helselag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal helselag i Sogn og Fjordane er eit lokallag i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Laget vart skipa på nyåret 1922 som ei sjukepleieforeining og innmeldt i Sogn sykepleierforening. Kjøpmann Thor Bakken som fyrste formann, og i det fyrste styret sat elles jordmor Johanna Urnes og sjukesyster Inga Serine Eikeland Ormberg. Laget arbeidde mellom anna for ei sjukepleiarstilling i dalen.

I 1931 kom prestefrua Sigrid Medhus med i laget, Det vart då omgjort til eit helselag og innmeldt i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Særleg viktig var arbeidet mot tuberkulose. Laget hjelpte pasientar med klede, teppe osb, og kjøpte inn ein del medisinsk utstyr.

Etter andre verdskrigen har oppgåvene gradvis vorte overtekne av det offentlege helsestellet. Helselaget samla inn pengar til ein aldersheim i Jostedalen, som etter kvart vart realisert som det kommunale Jostedal eldresenter. Her vart innsamla pengar brukte til fjernsyn, vaskemaskin, veggteppe og liknande. Mellom den lange rekkja med oppgåver kan elles nemnast innkjøp og hald av to sjukebårer med sengety (1972 og 1978), og ambulansekoffert og surstoffapparat. Laget har elles gjeve midlar til ei lang rekkje velferdstiltak i Jostedalen. Det står årleg bak mange aktivitetar og tilstellingar i bygda.

Formenn/leiarar

Lista er ufullstendig. Årstal når dei vart valde fyrste gong.

  • Thor Bakken (1922)
  • Sigrid Medhus (1932)
  • Birgit Harstad (1958)
  • Brita Gjerde (1966)
  • Johanna Bakken (1971)
  • Sigbjørg Sperle (1972)
  • Connie Grov (1974)
  • Jenny Aasen Hauge (1975)
  • Brita Gjerde (1981)
  • Jenny Aasen Hauge (1975)
  • Magda Myklemyr (1989)
  • Gunnhild Brun (1992)
  • Connie Grov (1997)
  • Gunnhild Flati (2000)
  • Bergljot Snøtun (2003)
  • Marit Elvekrok (2006)

Kjelder