Jostedal spel- og dansarlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jostedal spel- og dansarlag vart skipa våren 1979 som ei vidareføring av Jostedal spelemannslag som då hadde vore utan aktivitet i fleire år. Laget vart skipa som ei gruppe under dei to ungdomslaga Fram og Jostedal, men med eige styre og eigne medlemskort. Skipingsfesten var 3. mars 1979. Seinare vart laget utskild som eit eige lag.
Laget har vore svært viktig både for å føra vidare tradisjonsmusikken i Jostedalen (særleg felemusikken), og folkedansen (særleg jostedalsspringaren).
I det fyrste styret sat Sverre Ruud (formann), Åsne Bergset, Sigrun Vigdal, Dagrun Hesjevoll og Harald Hesjevoll.
Laget er med i Landslaget for spelemenn, som i 2009 vart fusjonert inn i Folkemusikk og folkedansorganisasjonen i Noreg (FolkOrg).
Kjelder
- Dagrun Hesjevoll. (1979). Jostedal spel- og dansarlag er skipa. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 2, 1978/79), 31.
- «Jostedal spel- og dansarlag» (heimeside)