K. Nielsens skoforretning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
K. Nielsens skoforretning i Kragerø.

K. Nielsens skoforretning blei grunnlagt i 1863 av skomakermeister C. J. Nielsen. Forretninga låg i Kragerø, og var også kjend under namnet K. Nielsens Eftf.. Nielsen dreiv hovudsakleg med sal av sko frå eigen verkstad. I 1890-åra blei forretninga overtatt av dottera, Kathinka Nielsen, som dreiv den fram til 1917. Då solgte ho forretninga til A. E. Abrahamsen frå Kragerø. Han dreiv forretninga fram til 1943 då den blei overdratt til sønnen, Storm Abrahamsen.

Arkiv

Arkivet etter K. Nielsens skoforretning er ordna ved Berg-Kragerø Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.