Karen Larsens forretning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Larsens Kolonialforretning.

Karen Larsens Kolonialforretning låg på Stathelle i noverande Bamble kommune. Forretninga blei starta i 1915.

Historikk

Kolonialforretninga blei starta av John Larsen i 1915. Same året døyde John, og Karen Larsen tok over drifta av forretninga. Karen var kona til John. Firmanamnet blei endra til Karen Larsens Kolonialforretning i 1930. Kva forretninga heitte før dette er usikkert. Forretninga solgte både kolonialvarer og manufaktur, og heldt til i eigen forretningsbygning.

Arkiv

Arkivet etter Karen Larsens forretning er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Butikkbestyrar Karen Larsen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.