Kastevigjå (Sandnes gnr. 96/8)
Kastevigjå (Sandnes gnr. 96/8) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 32/8.
| Kastevigjå | |
|---|---|
| Stad: | Usken |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 96 |
| Bnr: | 8 |
| Type: | gardsbruk |
Brukarar
96. Omund Gitlesen,
f. 1825, d.1900. Son til Gitle Gitlesen Merland (Merland-8).
Omund hadde fyrst farsgarden på Merland i fleire år (Merland- 9). Så hadde han det eine gardsbruket i Uskjo (bruk 2) frå 1881 til 1892 (sjå nr 71). Då husmannsplassene i Uskakalven blei skilde ut som eigne småbruk i 1892, overtok Omund stykket i Kastevigjå. Men allerede i 1 894 budde sonen til den tidlegare husmannen på plassen her. Og Omund budde som folgemann på gardsbruket sitt i Uskjo (nemnt i 1898 og 1900).
97. Ola Andreasen,
f. 1864, d.1938. Son til Andreas Olsen, husmann i Kastevigjå (nr 55).
Ola budde fyrste tida som husmann i Kalven, på plassen til faren (sjå nr 56). Så hadde han eit gardsbruk på Lauvås nokre år, der budde han ennå i 1892 (Lauvås-44). Noko etter kom han heim til Uskakalven igjen og overtok det nye småbruket i Kastevigjå. Han dreiv småbruket til 1930, etterpå budde han i eit nybygd folgehus i Kastevigjå.
G.m. 1886 Kristina Kristoffersdtr., f. 1864, d. 1951, dotter til Kristoffer Larsen Eltarvåg (Eltarvåg-61).
Barn:
- Rakel Jørgine, f.1886, g.m.1915 Johan Severin Jensen Amdal, bonde på Amdal i Strand
- Pauline Andrea, f. 1889, g.m. Ole Vier, ei tid småbrukar i Vier, seinare i Amerika (sml Eltarvåg-85)
- Kristoffer, f. 1892, tømmermann, budde i Uskakalven ei tid, sidan i Stavanger, g.m. 1913 Olena Bergsaker
- Ole, f. 1894, hadde stykket i Kastevigjå etter faren (nr 98)
- Inger Kristina, f. 1897
- Dina Amalia, f. 1900, d.1911
- Karen Tomme, f. 1903.
98. Ole O. Usken,
f. 1894, d.1978. Son til Ola Andreasen Kastevig (nr 97).
Ole overtok stykket i 1930. Han var fiskar og småbrukar.
G.m. Klara Vier, f. 1903, d.1987, dotter til Kornelius Vier (Eltarvåg-88).
Barn:
- Obert, f. 1924, matros, budde i Kastevigjå (Folk i bygda-276), g.m. Klara Løvåsvåg
- Karsten, f. 1927, bur på Roaldsøy, g.m. Anna Hylland
- Kora, f. 1929, g.m. Paul Jensen, sjømann, bud de ei tid i Kastevigjå (Folk i bygda-277)
- Olaug, f. 1947, g.m. Kåre Augestad.
Andre
99. Per Svensen,
f. ca 1778, d.1834.
Han fann seg kone i Uskjo og budde her i allefall det fyrste året etter bryllupet (1810). Sidan rydda han seg ein husmannsplass under Lauvås, i Slåttebakkjen (Lauvås-27).
G.m.1810 Siri Jonsdtr., f.1785, d.1863, dotter til Jon Nilsen Uskjo (nr 20).
Barn:
- Kristina, f. 18 10.
100. Tore Torbjørnsen,
f. 1769, d.1849. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen under Eltarvåg (Eltarvåg-39).
Tore var dreng i Uskjo i 1801 og hadde då tjent ferdig som soldat. Så budde han heime på Tingholmen, men var i 1825 "Dagarbejder" og haldt til hos husmannsfolka i Vier. Ti år seinare var han "inderst" her i Uskjo, og her døydde han som fattiglem. Tore var ikkje gift.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.