Kjeldearkiv:Brev frå Guri Avdem f. 1845
Brev frå Guri Avdem f. 1845
Guri Hansd. var født 1845 på Vesl-Avdem i Lesja. Ho og fleire andre reiste til Amerika i 1869. Vi finn dei att i skipslistene over dei som utvandra frå Bergen til Quebec på «Hulda», som var eit seglskip.
På den tida ho skreiv brevet var Guri 91 år gamal og busett Major, Saskatchewan. Ho hadde før fått brev frå barnebarnet til syskjenbarnet sitt i Hanska, Minnesota, med ein del spørsmål om pionertida. Brevet er prega av at det er svar på direkte spørsmål, omsett til engelsk og trykt i Hanska Herald. Datoen er dessverre ikkje gjeve opp på den aviskopien vi har fått tilsendt. Brevet har dette innhaldet, omsett attende til norsk:
«Major, Sask. Canada
April 27, 1936
Kjære Mrs. Arnold Asleson,
Eg har fått brevet ditt datert 20. april, og skjøner at du vil veta meir om gamla dagar. Eg vonar eg kan hjelpe med nokre opplysningar.
Bestemor di og eg var syskjenbarn. Mor hennar og far min var bror og syster. Bestemor di hadde ei syster, Anne, som seinare gifta seg med Frederick Frederickson som budde nær Lake Hanska. Eg trur ho var yngre enn bestemor di. Eg hugsar ikkje nøyaktig kor gamle dei var, men eg veit eg var 23 og dei var 1–3 år yngre.
Eg heitte Guri Avdem,[1] og dei heitte Sigri og Anne Avdemshaugen.[2] Mor deira døydde vinteren før vi reiste til Amerika. Etter at faren døydde, selde dei den vesle garden og dei siste dagane (før dei reiste) var dei hjå oss. Vi baka og gjorde klart alt vi skulle ha med oss – for vi stod sjølve for kosten på båten.
Eg trur det var 11 mai vi reiste heimanfrå. Far min og ein av brørne mine køyrde oss til Veblungsneset, ein tur på 8 norske mil. Vi var altså frå Lesja hovudsokn, deretter kjem Romsdalen.
Frå Lesja var det berre bestemor di Sigri og systera hennar, Anne, bror min Hans og eg. Og så Ole Hole og kona Eldri, dei yngste sønene deira Syver og Andreas,[3] ein dotterson Syver P. Sletten[4] og ei jente Anne Bakkeløkken[5] reiste samstundes.
Men frå Lesjaskogen var det mange. Peder Brandlien med familien.[6] Endre Mølmshaugen[7] og Jøda Sør-Einbu,[8] som var forlova men ikkje gift før dei kom til Amerika. Det var Henrik Kvam med familie,[9] Syver Kvam med familie,[10] Hans Lien med familie,[11] Niklas Rånå med familie,[12] Syver Rånå med familie[13] og Amund Rånå med familie.[14] Og Elias Toftom med familie, foreldra og systera.[15] Og nokre unge karar. Og Peder Enstad med familien, tre ste-døtre der fru Ole Brudelie var den eldste, fru Mathias Brøste den andre og Ingri den tredje. Han hadde òg sine eigne barn Johannes og Jørgine, men han var sjølv enkjemann på den tida.[16]
Så kom vi til Romsdalen, der vi tok oss sakte nedover dalen og over sidedalane, for det var svært bratt heile vegen. Brøste-sønene var mellom dei fyrste til å slå seg i lag med oss, nærast Lesjaskogen, men dei kom frå andre sida av elva. Syver Brøste med familie[17] og Hans, som eg seinare gifta meg med. Og Ole Brudelie og Lars Alnes, bestefar din, og Ellef Gjerdshaugen. Dei budde på høgresida av elva, der hovudvegen gjennom Romsdalen gjekk. Nils Kylling og Iver Alnes og kona; dei hadde nettopp gifta seg. Og det var fleire derfrå, men eg kan ikkje hugse namna deira. Marit Gravset[18] og Marit Bryggja[19] og Thor Plassen[20] og Knut Jonsgard[21] og det var ein dei kalla Bakar-Lars.
Det vil vera fint om du får noko ut av dette. Eg vonar du ikkje ventar for mykje av meg. Eg var 91 år 14. januar. Du veit eg er den eldste her, og det var mange til stades på fødselsdagen min.
Eg skal forsøke å svare på spørsmåla dine. Foreldra til bestefar din var Erik og Marit Alnes. Han var gardbrukar. Bestefar din skifta ikkje namn. Eg veit ikkje kor gammal han var, men han må ha vore mellom 20 og 30.
Besteforeldra dine møttest på reisa over. Da vi kom til Bergen var ikkje båten klar for emigrantane. Han hadde vore brukt til annan last. Vi måtte derfor vente i 12 dagar medan han vart ombygd for passasjerar, men vi kunne bu der likevel. Dei sette fire store kister saman bakast i båten slik at vi kunne koke maten, og finne sengekleda på ein enkel måte. Om dagane gjekk vi rundt omkring i byen, slik at snikkarane fekk arbeidsrom. Det vart snikra sengeplassar – to høgder langs sidene på båten, ei nede ved golvet og ei over.
Vi reiste med eit segl-farty. Ho heitte Hulda, og namnet på kapteinen var Morberg. Det tok seks veker frå Bergen til Quebec. Ja, vi hadde nok mat på turen, og vi laga maten sjølve. Når folk har det godt, finner dei på noko å fordrive tida med, og eg høyrte mange seie at dei aldri har hatt det betre enn på denne turen. Eg sydde nokre kjolar, og hekla litt no og da. Kvinnfolk finn alltid på noko å gjera.
Nei, dei hadde ikkje mykje pengar. Dei kom til Linden. Der drog bestefar din og dei andre mannfolka på jernbanearbeid. Jernbanen gjekk ikkje lenger enn til Mankato, men dei dreiv og bygde vidare vestover til Madelia og St. James, og ei anna line frå St. Peter gjennom New Ulm og vidare vestover.
Ja, Ingebrikt Avdem og Frydenlund var syskjenbarn til bestemor di. Ho var likevel ikkje så ofte der, men arbeidde andre stader. Dei gifta seg etter at bestefar din tok seg land (homestead) og bygde ei lita jordhytte.
Nei, det var ikkje noka kyrkje eller skule den gongen. Den fyrste gudstenesta eg hugsar var under opne himmel på staden til Knut Helling. Ein pastor som heitte John Johnson kom ein eller to gonger.
Nei, det var ikkje indianarar. Dei hadde dratt bort på den tida.
Jau, eg hugsar grashoppene. Dei kom til Hanska og Linden. Dei kom til St. James i 1872 og til Hanska sommaren '73. Vi såg dei kom på ljose dagen. Dei lyste som stjernar, og da dei landa tok dei storparten av avlingane. Å, som dei beit oss. Om vi kom ut berrføtte, fekk vi fort kjenne kva dei kunne gjere. Dei kom frå sørvest, og fortsette mot nordaust. Dei snudde ikkje attende, og når dei la egg døydde dei. Men neste vår hadde dei klekka, og når dei var store nok tok dei den neste avlinga. Når dei kom til eit vatn spratt dei så høgt opp i lufta at dei fløy over den farmen som låg nærast på andre sida av vatnet, og dei fekk ei god avling.
Både kveite og klede vart gjeve frå andre distrikt til dei som vart verst ramma av grashoppene, men korkje vi eller besteforeldra dine tok imot noko av det.
Ja, bestefar din hadde oksar. Eg har sett og prøvd mange forskjellige transportmetodar sidan eg drog frå Noreg. Det var fyrst med oksar, dampbåt, langslede, kjelke. Og eg har òg prøvde «kubberulle». Det var eit primitivt køyretøy. Hjula var laga av tjukke stokkar, og resten likeeins. Men folk kom seg da igjennom den gongen òg, og planta von for framtida. Eg har òg køyrt vogner, bilar og for fire år sidan var eg oppe i eit fly. Det var på ein piknik sør for Major. Når eg såg ned, var hestane så små som kaninar, og husa som pappesker. Og når eg såg ned på trea kunne eg ikkje sjå anna enn skuggen deira.
Og nå trur eg det er på tide å avslutte dette tullpratet, viss du skal få noko ut av det for prosjektet ditt. Hels Sigri Quam og andre som hugsar meg. Eg var nyss så uheldig at eg ramla og slo meg. Eg låg til sengs i tre veker, men eg brekte ikkje bein. Men eg kan ikkje gå serleg mykje lenger. Eg sit og strikkar mesteparten av tida.
Vi har hatt ein lang og kald vinter, og våronna har ikkje starta ennå.
Hels mor di og brørne og systrene hennar. Og så skriv att slik at vi får veta om du får det her og kan bruke det.
Med dei beste helsingar frå
Guri Broste
Major, Sask. Canada.».
Noter
[1] Lesjaboka bd. 2, s. 550–51, Vesl-Avdem, familie 3-9.
[2] Lesjaboka bd. 2, s. 555, Søre Avdemshaugen, familie 7-2. Det som står om at mor deira døydde vinteren før dei reiste er nok feil, men det er rett at faren døydde i 1868. Anne vart g. m. Fredrik Fredriksen Bjørneberg, og sonen deira vart g. m. Myrtle B. Broste, nr 3.2. nedafor.
[3] Lesjaboka bd. 2, s. 653, Søre Nord-Hole, familie 2-8.
[4] Lesjaboka bd. 1, s. 471, Flate u. Nord-Slette i Lesjaverk, familie 6-1. Der står det at han reiste til Ålesund i 1857, men han reiste altså vidare til Amerika, ein såkalla «etappe-utvandrar».
[5] Ho er det ikkje råd å identifisere; ingen av dei Anne-ane som reiste med Hulda kan knytast til noka Bakkelykkje i Lesja.
[6] Lesjaboka bd. 1, s. 440, Brandlie, familie 1-12b.
[7] Lesjaboka bd. 1, s. 350, Mølmshaugen, Enstad, familie 7-7.
[8] Lesjaboka bd. 1, s. 251, Søre Sør-Einbu, familie 4-6.
[9] Lesjaboka bd. 1, s. 220, Oppistugu Kvam, familie 4-5.
[10] Lesjaboka bd. 1, s. 234–35, Teigen, Kvam, familie 20-1.
[11] Lesjaboka bd. 1, s. 284, Ner-Lie, familie 9-1.
[12] Lesjaboka bd. 1, s. 132, Nordpå Rånå, familie 2-7c.
[13] Lesjaboka bd. 1, s. 131, Nordpå Rånå, familie 2-7 (han og kona Jøda står ikkje med eige familieoppsett).
[14] Lesjaboka bd. 1, s. 139–40, Sygard Rånå, familie 4-10 (han og kona Marit står ikkje med eige familieoppsett).
[15] Lesjaboka bd. 1, s. 78, Tuftan, Bjorlie, familie 7-1, 7-2 og 7-2b.
[16] Lesjaboka bd. 1, s. 347, Sørpå Enstad, familie 6-5. Dottera Anne var altså med her, ho vart seinare g.m. Mathias, nr. 8 nedafor.
[17] Dette var nok Sjugurd Knuts. frå Oppå-sygard Rånå, som kom til Sjugurdgarden i Brøste. Han og familien, og faren Knut, reiste til Amerika samstundes. Lesjaboka bd. 1, s. 156. Sjå òg lista over emigrantar til Quebec utlagt på Digitalarkivet http://www.hist.uib.no/arkivverket/.
[18] Lesjaboka bd. 1, s. 455, Bryggja, familie 1-4. Ho vart seinare gift med Tore Plassen.
[19] Lesjaboka bd. 1, s. 496, Nørdre Plassen, familie 11-1. Han vart seinare gift med Marit Bryggja.
[20] Lesjaboka bd. 1, s. 487, Gravset, familie 1-5.
[21] Lesjaboka bd. 1, s. 418, Jonsgard Bjølverud, familie 8-2.