Kjeldearkiv:Dane Lundberg (Migrasjonsminne)
| Dane Lundberg (Migrasjonsminne) | |
|---|---|
| Kjeldeinformasjon | |
| Navn: | Dane Lundberg |
| Tema: | Migrasjonsminne |
| Sted: | Bergen |
| Tidsrom: | 16. august 2024 |
| Metode for nedtegning: | Videointervju |
| Beskrivelse: | Dette er et intervju med Dane Lundberg. |
| Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Dane Lundberg er fødd i Oslo og flytta til Bergen i 2013 for å studere journalistikk ved Universitetet i Bergen. Studiet vart etter kvart bytt ut med historie, og det som opphavleg skulle vere eit mellombels opphald, vart til mange år i byen. Som einebarn voks Dane opp på Nordstrand i Oslo, i eit roleg område med nærleik til natur, fjord og turmoglegheiter. Han tilbrakte mykje tid med bøker og hunden sin, og gjekk i 13 år på Steinerskulen – ei skulegang som gav han ein sterk interesse for historie, religion og mytologi. I Bergen har Dane blitt fascinert av byens særprega kultur og dei små, lokale skikkelsane som prega bybiletet, sjølv om mange av dei no er borte. Han trekkjer ofte fram kontrastane mellom Bergen og Oslo, særleg når det gjeld mat, transport og tempo, og han er både frustrert over regnfulle vintrar og begeistra for dei sjeldne, perfekte sommardagane. Sjølv om han er usikker på om han vil bli verande i Bergen for alltid, erkjenner han at byen er vanskeleg å forlate – ikkje minst på grunn av naturen, historia og den heilt eigne stemninga. Intervju ved Irene Kinunda Afriyie. 00:00 – Introduksjon 00:13 – Flytta til Bergen 01:24 – Barndom 05:03 – Steinerskulen 06:44 – Valde Bergen framfor Trondheim 08:14 – Skilnader mellom Bergen og Oslo 09:15 – Bergens‑ikon 13:16 – Slutta på studiet, men vart verande i Bergen 14:47 – Studerte historie 17:02 – Val av studium 19:12 – Uvisse i møte med Bergen 22:10 – Saknar ordentleg vinter 25:58 – Skilnader i matkultur 27:06 – Bergen vs. Oslo 29:40 – Turisme og natur: Geiranger vs. Rondane 31:36 – Kritikk av moderne hyttevanar 33:29 – Kjærasten frå Latin-Amerika og kontrastar i vêret og kulturen 34:33 – Vanskelegheiter i Tanzania 36:27 – Bergensvêret 37:16 – Moglegheit for å bli buande i Bergen 38:01 – Steinerskulens bakgrunn og filosofi 43:50 – André Bjerke 47:30 – Steinerskulens subkultur og fellesskap 50:44 – Steinerskulens påverknad på samfunnet 52:26 – Kvifor journalistikk? 57:42 – Ymse jobbar 63:12 – Starten på historieinteressa
Intervju
Videointervju hos Fylkesarkivet i Vestland.
| Dane Lundberg (Migrasjonsminne) er et intervju fra Memoar, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Ettersom det er en kjeldeartikkel, kan den ikke redigeres fritt. Meld i stedet fra til en administrator dersom du finner noe som bør endres. Flere slike intervjuer finner du i kategorien Kategori:Memoar og dens underkategorier.<br/ |