Kjeldearkiv:Ein tur til Volda med rutebåten
Ein tur til Volda med rutebåten | |
---|---|
Kjeldeinformasjon | |
Navn: | Magnar Høydal |
Født: | 1937 |
Sted: | Høydalen (Volda) |
Tidsrom: | ca 1945-46 |
Nedtegnet: | 2009 |
Metode for nedtegning: | Egenforfattet |
Beskrivelse: | Eit barn mista pengepungen i doen på rutebåten frå Høydalen til Volda. |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Turen til Volda med rutebåten gikk fra Høydalen, ei lita bygd på sørsida av Austefjorden. I min barndom og oppvekst var bygda veglaus. Sambandet med kommunesenteret Volda var ved lokal rutebåt. Det eg hugsar av desse rutebåtane i min tidlege barndom er nok litt usikkert, oftast knytt til spesielle hendingar. Fyrste rutebåtane eg hugsar var «Sira» og «Kaulå».
Ei hending som sit i minnet endå var knytt til ein Voldatur med «Sira». Eg var med far min og fekk behov for å gå på do. Ja berre gå du, sa han far. Eg hadde gjort meg så kjend at eg viste kvar det var. I mine auge var dette eit fint do, samanlikna med utedoen heime. På sida av doskåla var ein spake ein drog mot seg slik at doen tømde seg. Det var vel også kopla med ei spyling.
Dette var i tronge tider og det var lite av pengar, men mor mi hadde sydd meg ein liten pengepung i lyst skinn og med ein trykknapp til lukking. Ferdig med det eg skulle på doen drog eg opp buksa, snudde meg og drog i den nemnde spaken. Det sa svupp og der såg eg pengepungen min for siste gong. Sorga var stor, den var ny og i tillegg hadde mor mi lagt i nokre «øringar» (småpengar) slik at eg skulle føle at også eg var på handel til Volda. Eg viste at pengar var det smått med og at eg miste mine tiltrudde pengar slik, gjekk hardt inn på meg.
Det var eit lite lysteleg referat om doet på «Sira» eg hadde til far. Framleis trur eg at hendinga gjorde større inntrykk på meg enn på far der han sat i samtale med andre som fylgde båten. Resten av turen hugsar eg ingen ting av. Det var dette som har fest seg i minnet.