Kjeldearkiv:Griseslakting på Massgarden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Griseslakting på Massgarden, Hjarabygda, Volda.
Kulturminnedagane 2014 Volda.jpg
Lillian Astrid Løvøy under kulturminnedagane
Kildeinformasjon
Navn: Lillian Astrid Løvøy (fødd Aurdal, fra Ørskog)
Født: 5. januar 1921
Tema: Slaktetid
Sted: Hjarabygda, Volda
Tidsrom: ca 1945-60
Nedtegnet: September 2014
Beskrivelse: Lillian Astrid Løvøy fortalde om griseslakting på Massgarden under kulturminnedagane i Volda 13. september 2014.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Griseslakting på Massgarden, Hjarabygda, Volda.

Slaktetid var ikkje akkurat den kjekkaste tida på gardande, men må ein som må ein. Det vart enklare når vi fekk levere til slakteriet. (…) Når det gjaldt gris vart det ofte slakta ein gris til slåtta, og ein til jul. Feittet på den kallas istre, det som var rundt magen. Det vart teke godt vare på og laga til smult. Som vart brukt mellom anna til og koke smultringar i. No det er so mykje snakk om gjenbruk, må fortelje frå ein plass eg i eit av krigsåra, der var slakta ein gris. Smulten vart brukt til det som ho skulde, og var slege oppi ei skål. Då kom det ei som ikkje hadde gris, ho fekk låne smulta. Då ho kom att med restane vart den brukt til og lage havrekjeks og kakar au. Grisen har berre ein mage, den er ikkje so stor heller, av mange var den brukt til å lage sylteflesk inni. Sylteflesket var laga av grisehaudet, labbar var reinska og kokt, klauvene og, lagt i syltelake. Ettertrakka attåt juleølen.

- Nå er det berre i hjortejakta det blir som det blir slakta heim, og det er jo for sport og fritid å regne.