Kjeldearkiv:Hamnesaka

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk


Dette er en artikkel fra avisen Leksværingen.

Utgivelse: Leksværingen Nr 3 1939
Plassering: Forside
Forfatter: Otte Grande

Artikkelen Bilde

Hamnesaka

Det er stilt om hamna no. Så
stilt at folk tek til å bli uroleg
for ho. Som før stormen. Kjem han
kanskje og tek ho frå oss.
Hamna som vi skulde berga
båtane våre i, når det er storm.
Som er naudsynt å ha om byg-
da. skal få betre kommunikasjo-
nar.
Vi får kanskje vegen til Verran
og bra er det. Men skal vi til
avsetningsstaden med varone
våre, må vi andre vegen. Da må
vi skipa dei i ein eller annan
båt til ein stad der dei kjøper
varone våre.

Heile næringslivet i bygda

treng hamna. Skal bygdafolket
byggja ut jordbruket sitt, så det
kan selge mykje av gode jord-
bruksvaror, må det ha dagleg
båt til byen. Og da trengs det
hamn. Skal fiskarane i bygda
ruste seg ut meir enn no, for å
ta si innkoma på sjøen, treng
dei hamn. Og når den framande
fiskarflåten kjem etter silda
trengst det storleg hamn.

Dei vyrde styresmenn i bygda

har gjort mykje for å få hamne-
saka fram. Men no synest det
som ho får kvile, kanskje ligge
litt for lenge. —

Dei gode styresmenn i bygda
må ikkje under alt det gode ar-
beid dei ellest gjer, gløyme ham-
na. For det er mange andre og
som gjerne vil ha hamn. La no
dei ikkje gå oss forbi.

Det gledelege synes å vera at

dersom våre styresmenn står
samla om hamnesaka får bygda
hamn om nokre år. Det vil gi
bygdafolket mykje av lønsamt
arbeid, og det vil letta arbejdet
for betre kommunikasjonar stor-
veges. Difor ta hamnesaka opp
igjen og før ho fram. Om ikkje
andre vil søke etter isfri hamn,
så treng bygdafolket det.
OTTE GRANDE.

Scannet fra avisen