Kjeldearkiv:Livat ordskifte i Leksvik heradstyre om likningsmaaten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk



Dette er en artikkel fra avisen Leksværingen.

Utgivelse: Leksværingen Prøvenummer Julen 1936
Plassering: Side 5
Forfatter: --

Artikkelen Bilde

Livat ordskifte i Leksvik heradstyre
om likningsmaaten
Det blir prosentlikning likevel.

I førre heradstyremøte vart
der, som vi veit, med 9 mot 5
røyster vedteke å gå over til
direkte likning for året som
kjem. Men då denne likningsmå-
ten ikkje, fekk 2/3 fleirtall
laut saka, som skikk er, føre enno
eingong i heradstyret.

I møtet som vart halde siste

onsdag, der saka Skulde avgjer-
ast, vart der eit livalt ordskifte.

H ø n n å s (form. liknings-

nemnda): Eg er ikkje med på
slikt som at vi skal ha prosent-
likning lenger, og eg kan ikkje
skjønn at det skal bli så mykje
verre med direkt likning. No
har vi t.d. lov å innhente opgåve
frå samyrkelag, kaier, krøter-
handlarar og andre som handlar
med jordbruksvarer. Eg er fram-
leis av den opfatning at vi bør
gå over til direkte likning. --
K a r m h u s: Dersom dette ved-
taket var gjort før på året, had-
de det endå vore så. No har folk
levd i den tru at det vart pro-
sentlikning og av den grunn ik-
kje førd notater over inntekt og
utgift. Så må vi og hugse på det,
at det er ikkje her som på andre
bygder: at vi har meierier eller
andre jordbruksinstitusjoner å
innhente opgåvor frå. Eg held
framleis på at vi brukar prosent-
likning. -- H ø n n å s: Dette var
eit svakt grunnlag. Jordbrukar-
ane blir 1ikeve1 likna på slump
når det gjeld husdyra. Forresten
så trur eg nok at folk har såpass
godt minne, at dei har greie på
kva dei har seld for gjonom året.
--.M o a n: Hønnås nemnde min-
net. — Eg skal nemne eit par
døme på det: Då far min var
likningskall fekk han i opdrag
å telje over geitene til ein kar.
Det viste seg då, at mannen had-
de <<glømt>> å gje op 10 geiter.
Vi har og døme på at folk har
seld meir potetor, t. d. til sam-
yrkelaget, enn heile avlinga si.
Trur de då at de har kjøpt des-
se potetone?

H ø n n å s: Trur Moan at min-

net blir så mykje betre no om
vi får prosentlikning. Så har vi
og det evindelige gnaget frå

skatteinspektør og fylkesskatte-
styre. Det har no utarta seg til
det reine sirkus og den reine pla
ge denne prosentlikninga. —
K a r m h u s: Hønnås gruver for
at det blir slik missnøgje om vi
får prosentlikning. Korleis trur
de det blir når allesaman
skal kallast ned på kontoret her
for å bli overhøyrd?

P. A. R o s v o l d: Eg for min

del har aldri havt noko tru på
prosentlikninga. Når det gjeld
opgåver, så trur eg at folk er så
ærlege at dei gjev op rett og rik-
tig.

Saka gjekk så til avrøysting.

Med 9 mot 7 røyster vart så ved-
teke å bruke prosentlikning.
Dei 9 som røysta for var desse:
Karmhus, Moan, Aune, Johs. Ha-
gen, Andreassen, 0. Halsen, E.
Kruken, A. Kråkmo og H. Skar-
aunet.

For direkte likning røysta des

se: Winge, ordf. Grande-, P. A.
Rosvold, Ole Hindrum, Langås,
Jak. Lerstad og Hønnås.

Scannet fra avisen