Kjeldearkiv:Margie Brown (Migrasjonsminne)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Margie Brown (Migrasjonsminne)
Kjeldeinformasjon
Navn: Margie Brown
Tema: Migrasjonsminne
Sted: Bergen
Tidsrom: 16. august 2024
Metode for nedtegning: Videointervju
Beskrivelse: Dette er et intervju med Margie Brown.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Margie skildrar ei ganske omfattande assimilering inn i det større inuittsamfunnet. Likevel finst det restar av det som ein gong var, sjølv om desse blir skildra som forvridde omgrep med liten samanheng til den opphavlege emigrantkulturen. Margie skildrar familien sin som «stolte engelsktalande» med eit ynskje om integrering. Ho sjølv verkar å kjenne ein sterkare tilknyting til den inuitiske arven sin. Etter at den amerikanske kongressen innførte ein lov (Reindeer Act) som sa at reinsdyrflokkar berre kunne eigast av urfolk, vart Margie sine forfedrar – så vel som alle andre samar – tvinga til å selje flokkane sine under marknadspris. Reinsdyrdrift i Alaska gjekk deretter kraftig tilbake. Det finst framleis reinsdyrflokkar i USA, men i mykje mindre omfang enn før. Ho forklarar òg at det ikkje finst indianske reservat i Alaska slik som på det amerikanske fastlandet. I staden er modellen for sjølvstyre basert på ein «føretaksmodell» – regionale føretak eigd av urfolk. Intervju ved Håkon Willumsen og Joel Mfashimlkeri/Memoar. 00:00 – Bakgrunn og familie 00:41 – Oppdraget frå den amerikanske regjeringa 02:12 – Med reinsdyr og familie frå Kautokeino/Guovdageaidnu til USA 03:23 – Gullrush og samisk integrering i Alaska 06:20 – Emigrasjonsopplevinga 07:22 – Ein framand kultur i eit framand land 09:08 – Å føre minne vidare 11:44 – Samisk emigrantkultur i Alaska 13:12 – Inuitar og samisk reinsdyrdrift 14:34 – Samiske familieforteljingar 15:50 – Joiken og inuittiske tradisjonar 16:48 – Urfolk i Alaska kontra andre urfolk i USA 20:26 – Språk – samisk, inupiaq og engelsk 21:44 – Då samar vart tvinga til å selje flokkane sine 25:51 – Besøk til Noreg 27:28 – Tradisjonar på tvers av Kautokeino/Guovdageaidnu og Alaska 29:39 – Munnleg historiegransking i Alaska og verdien av den 30:43 – Margie og livet og historia til familien hennar 34:44 – Tilknyting til Noreg/Kautokeino/Guovdageaidnu 41:14 – Overtru, tradisjonar og urfolksidentitet 42:53 – Transatlantisk handel i gamle dagar 46:31 – Økonomisk framgang i Alaska og konsekvensane av den

Intervju

Videointervju hos Fylkesarkivet i Vestland.

Margie Brown (Migrasjonsminne) er et intervju fra Memoar, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Ettersom det er en kjeldeartikkel, kan den ikke redigeres fritt. Meld i stedet fra til en administrator dersom du finner noe som bør endres.

Flere slike intervjuer finner du i kategorien Kategori:Memoar og dens underkategorier.<br/