Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Bergit Flaati til Egelev Olsen 1918-10-26
Norgesbrev fra Bergit Flaati til Egelev Olsen 1918-10-26 | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 1918–10–26 |
Fra sted: | Vestfold, Re, Ramnes |
Fra: | Bergit Flaati |
Til: | Egelev Olsen |
Til sted: | Minnesota, USA |
Nr. i samling: | 1752 |
Samling: | Norgesbrev |
Oppbevaringssted: | Edna M. Anderson |
Tagger: | spanskesyken, Helse og sykdom, dødsfall, Nærmiljø, Værforhold |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Kjære Egelev!
Godag og takk for sist. Tusen takk fyrr brevet og for fotografiet som eg fekk. Eg fik det for 8 dagar sidan, daa eg var i Flatdal. Det var godt aa høyra at de livde godt, eg venta so paa brev fraa deg, eg hev ofte tenkt paa dykk og undras korleis de liver. Ja, mi liver godt og er friske, me hev havt spanskesjuken, men no er me gode at av den. Ja, spanskesjukenherjar fælt her i bygderne; mange er døde av den, millom dei er daa Margit Tveiten, ho var sjuk berre nokre faa dagar, ho vart ikkje lenge paa Tveiten, det vart nok eit alvarleg kal fraa Herren, til Tveitingen, det kan du tru. Du tru det var sorg paa dei alle daa dei miste henne for ho var so avhalden av dei alle. So er det Olav Sansdalen, og Gunhild smeland og nokre i Aamotsdal, som er døde av spanskesjuken, og i byarne er det reint fælt, det kan vera up til 20 dødsfal paa ein dag, det ser ut til at det blir adeles pest. Ja, me hev flut fraa Flatdal no og paa austlandet, me hev kaupt, kom ein gar i Vivestad 3 mil fraa Tønsberg, det er no bare 8 dagar sidan eg kom hit, Erik og Sveinung Sundbø hev kaupt garden isaman, dei hev vore her noko lenge dei, Eg og Egelev kom no med helgi. Men her er fint og eg likar meg godt. Me hev fin gard, og naar me er so mange so er det no ikkje langsamt veit du. Det er nok rart aa koma i ei adeles ukjend bygd veit du; men her er snaale folk, og tetgrent er her. I sumar var eg paa staulen, og der lika eg meg godt, det er liksom ein fer pusta atter naa ein kjem til fjels. Paa Sundbø liver dei med det samre og Anne Sanden er frisk og liver godt det same Gunhild og Svein; men den næststørste guten døde no i haust av spanskesjuken. Gregor Rue hev og fenge seg ein liten gut, som heiter Gunleik. Og Olav Raastoga ein som heiter Taral. Og paa Skeie hev dei fenge ei gjenta. Høye Ru er gift no med Kari Heaugstoga, og dei hev kaupt, Uppistoga og bur der. Paa Haugen og Vasmoen liver dei med det samre, og paa Strand likedan.
Det var lite møte i Flatdal i haust, og det same vert det vel her trur eg, det hev eg no lite greie paa daa det er so snøgt. Steen[?] og Monsen var i Seljord fyr eg reiste; men eg fekk vera berre paa eit møte for det var daa eg vart sjuk. Det er veldig flinke karar. Eg skulle ynskt dei hadde kome hit til Vivestad.
Her er nere kyrkja; men eg veit kje korslags prest her er. Her hev vore mykje regn i haust, saa det hev vore vrangt og fenge hausta inn. Her er mange stader paa austlandet som er mykje bygg ute, og no er det blive kalt og jordi er frosi. Eg var inne paa Laksfyl[?] lit før eg reiste, dei livde godt, men hadde lege i spansksjuken dei og, Halvor er skrapaleg no, magti minka jo, saa han at han orka ingen ting. Folk hek til aa vona paa fred no, men det er vel ikkje so vist om det blir noko av det, og um krigen sluttar so er det ikkje vist det blir betre for det, det er vel snaudt det vert gode tider i vente no deretter. Her er daa mat nok no, det hev vore, svart[?] til matkrann[?], anten dei trong det heller ikkje.
Eg høyrer at Anne er gift, du maa helse so mykje til henne fraa meg. So maa du skrive, at naar du fær brevet mit. Det var nokre kjække smaagjentor du hadde, Gunval er vel stor og flink no og gjeng vel kanske paa skule no. Og hels so mykje til mor di og Kjetil. Ja, eg hev kje meir og skrive um denne gongi, so maa du liva godt skal undras um me treffes nokon gong her paa jordi, det kan vel vere snaut; men me maa holle[?] oss nær til Gud, saa skal me møtast i eit betre land.
Lev vel daa Egelev!
Gud signe dykk alle!
Beste helsing til dykk alle. fraa Bergit Flaati