Kjeldearkiv:Prolog til avdukingi av minnesteinen til Knut Bø 8. mai 1949

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.
Knut Bø
Foto: Faksimile frå Våre falne: 1939–1945.

Prolog til avdukingi av minnesteinen til Knut Bø 8de Mai 1949 er skriven av valldølen Eivind S. Berg (1892–1983) som mellom anna var ein forkynnar, diktar, bonde og spelemann frå Setesdal.

Knut Bø var ein motstandsmann fødd på Bø i Valle og busett på Byglandsfjord. Han vart henretta i Trandumskogen 10. mai 1944 og lagd i grav nr. 17. I juli 1945 vart levningane hans funne, og 19. juli var det stor likferd for Knut i Setesdal. Den byrja i bedehuset på Byglandsfjord, før kista vart køyrd med bil rundt 80 kilometer mot nord, til Harstadberg i Valle. Prosesjonen bak kista to og ein halv kilometer til kyrkja var lang, og på kyrkjegarden var om lag 1000 menneske samla. Tidlegare Grinifangar stod æresvakt saman med norske og britiske militære, og truleg spela Vennesla musikkorps som hadde leia toget frå Harstadberg og ved grava. Pengar vart samla inn til ein minnestein, og på frigjeringsdagen 1949 vart han avduka.

Hylstringen Niklos K. Besteland har lese inn prologen, den kan høyrast her.

Gravferdsfylgjet til Knut Bø nordafor Byglandsfjord.
Foto: Jon Løyland. Frå Setesdalsmuseet.
Eivind S. Berg.
Foto: frå J.A. Helle sitt familiealbum.
Prolog til avdukingi av minnesteinen til Knut Bø 8de Mai 1949
«Her dalens mann og kvinne,
er samla ved di grav.
Me reisa vil eit minne,
um det du landet gav.»
«I Trandums skuggar kalde,
dei fann deg gjæve bror.
So fekk du her i Valle,
di grav i vigsla jord.»
«På Bø ligg barndomsheimen,
so ljuvt innunder lid.
Der sorglaus glad du livde,
den gilde barndoms tid.»
«Der fekk du kraft i armen,
ja mot og vilje sterk.
Der fekk du hjartevarmen,
til dåd og frægdarverk.»
«Du eigen heim fekk byggja,
med viv og barn ilag.
Der rådde fred og tryggja,
i kring dykk dag for dag.»
«Men so kom tunge dagen,
den niande April.
Då Norigs fred og lukka,
og fridom stod på spil.»
Eivind S Berg sin prolog til Knut Bø 1.jpg
«Og bodet gjekk yv' landet,
til kvar ein heim det når.
Verg Norig kven som kan det,
frå skam og træle kår.»
«Og Knut vår gjæve frende,
du av dei fyrste var.
Som klårt ditt ansvar kjende,
du ekte nordmann var.»
«Imillom Norigs nutar,
var menn med helteblod.
Dei gjæve norske gutar,
på vardevakt stod.»
«Mot dei som landet herja,
du våga liv og blod.
Du ville Norig verja,
mot Hitlers ørne klo.»
«Du mått' i fengsel fara,
men bergfast var di tru.
Det skal kje lenge vara,
fyr Hitlers horg må snu.»
«Og her det under hende,
at du din frelsar fann.
Og kraft han til deg sende,
så du til målet vann.»
Eivind S Berg sin prolog til Knut Bø 2.jpg
«Og so kom fridomsdagen,
med song og glede gråt.
Og sigeren var vunnen,
for Gud han var attåt.»
«Men denne store dagen
den fekk du aldri sjå.
Nei inn i Trandumskogen,
ditt liv du ofra må.»
«Du stridde til det siste,
for fridom og for rett.
At nordmenn vender ryggen
har sjeldan nokon sett.»
«Ja trugen til det siste,
du streid for Norigs sak.
Var med og atterreiste
det frie Norske flag.»
«Du streid og fall med æra,
for fridom og for fred.
Og det bør nordmenn gjera,
til Dovrefjell fell ned.»
«Ditt minne det vil liva,
du gjæve norske gut.
Det er i steinen skriva,
Gud sign ditt minne Knut!»
Eivind S. Berg
Eivind S Berg sin prolog til Knut Bø 3.jpg