Kjeldearkiv:Thuy Thi Brich Duong (Migrasjonsminne)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Thuy Thi Brich Duong (Migrasjonsminne)
Kjeldeinformasjon
Navn: Thuy Thi Brich Duong
Tema: Migrasjonsminne
Sted: Lillehammer
Tidsrom: 16. august 2024
Metode for nedtegning: Videointervju
Beskrivelse: Dette er et intervju med Thuy Thi Brich Duong.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Thuy Duong var berre 13 år gammal då ho saman med den ti år gamle veslebroren sin forlet Vietnam – etter fem mislukka forsøk. Mora hadde betalt dyrt for ein plass i båten, men måtte bli igjen. Barna reiste åleine, utan garantiar for framtida. Ho fortel levande om stormen på havet, frykta og korleis ho fyrst i ettertid forstod kor farleg situasjonen eigentleg var. Då Tysla stoppa og tok dei om bord, starta ein ny fase. Etter opphald i Hongkong og seks månader i Filippinane med norskopplæring, valde ho Lillehammer som nytt heimstad – på grunn av ein snill norsklærar. I dag seier ho: «Her er heimen min. Lillehammer.» Intervju ved Dane Lundberg. 00:00 – Introduksjon 00:12 – Flukt frå Vietnam 01:22 – Fem forsøk på å flykte, lukkast til slutt 02:00 – Tida på båten og ankomst 18. mai 1982 02:24 – Avskjed med mor, venting og avreise 03:29 – Atmosfære og stillheit om bord 03:57 – Foreldra bestemte – ingen diskusjon 04:23 – Storm, vatn i båten og sjøsjuke 05:22 – Redninga med Tysla og hjelpa dei fekk 05:58 – Møtet med mannskapet 06:36 – Kommunikasjon om bord og kurs mot Hongkong 07:27 – Ingen klar plan 07:59 – Sortering i Hongkong 08:37 – Førsteinntrykk av Noreg 08:56 – Vidare til Filippinane for språkkurs 09:27 – Språkopplæring og val av by i Noreg 10:37 – Valet av Lillehammer 10:45 – Første møte med Jorunn og tilknyting 11:18 – Språk og tilpassing 11:41 – Ankomst Noreg og vintermøte med leilegheita 12:20 – Kuldesjokk og manglande vinterklede 13:14 – Hjelp frå sosialkontoret og nye klede 13:40 – Livet som vietnamesisk flyktning i Lillehammer 14:34 – Gruppa frå båten blir spreidd 15:27 – Første samling og jubileum 16:02 – Trivsel og forankring i Lillehammer 16:23 – Første reise tilbake til Vietnam i 1991 17:55 – Tilknytinga til Noreg sterkare enn til Vietnam 18:44 – Kjensla av å ha blitt norsk 19:08 – Kulturforskjellar og barneoppdraging 20:40 – Viktige verdiar: punktlegheit, høflegheit, felles middag 21:32 – Reglar og tydelegheit i familien 22:06 – Kva Noreg kan lære: meir disiplin i barneoppdraging 22:55 – Kva Vietnam kan lære: respekt og ytringsfridom 23:52 – Tilhøyrsle 24:08 – Skildring av Lillehammer

Intervju

Videointervju hos Fylkesarkivet i Vestland.

Thuy Thi Brich Duong (Migrasjonsminne) er et intervju fra Memoar, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Ettersom det er en kjeldeartikkel, kan den ikke redigeres fritt. Meld i stedet fra til en administrator dersom du finner noe som bør endres.

Flere slike intervjuer finner du i kategorien Kategori:Memoar og dens underkategorier.<br/