Kornstad stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt.

Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre.

På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638. Hr. Hans seier om dette bilete: “Helt og sønnerne såe ud som præster med hvide kraver om halsen. Hun med døtrene ligeledes sort med hvide kraver på samt hvide forklæder”. Den yngste av desse avbilda døtrene Margrethe, fødd 1635, døydde 1696, vart gift første gong med Kristen Meckelborg, Einset (Svanvik), og til deira ætt høyrer ei mengd folk i Eide og Kornstad. I 1691 vart ho gift andre gong med Frantz Lauritzen Lund som seinare vart eigar av Kornstad Kyrkje. Denne tavla er no i Bergen museum (katalogført N.K. 30).

Aage Knag som vart gjestgjevar på Smørholmen etter Helt, og visst var versonen, hadde og kosta ein “lukket stol” i kyrkja og døypefunten som bar årstalet 1648. To andre tavlor heng og på veggene. Den eine framstilte Jesus mellom stridsmennene, den andre var påskreva trudomsartiklane og fadervår. På preikestolen stod årstalet 1672 og han var gjeven til kyrkja av “Ifver Ollufsøn, herrens hellige nafn til ære og kirken til prydelse”.

På veggen under vindauga i søndre kross var måla: “Jens Hanssøn haffver også ladet malet for halft tredie ort. Iffuer Jacobsøn for en ort aar 1685. Herre jeg haver dig hjertelig kiær, min styrke, min klippe”.

Hr. Hans fortel vidare:

Midt i denne kors-kirke henger et lidet skib med forgyldet stjerne bagpå, som skal være gjort af en mand ved nafn Sjur Kjøl, der og skal have gjort det som henger i Qvernes kirke. Dette skal være efterlignelse af et kaldet Nordstjernen som i sidst forudgående krig (Tordenskjoldskrigen) skal være taget fra de svenske. Manden var i den orlog matros. Skibet skal med spill og skudd være bragt til kirken en lørdag i salig morfaders prost grøns tid.

Midt på golvet i sydvestre kross stod fattigblokken som folk la pengar i. Serleg måtte alle som gjekk til altar gje i blokken, som hadde eit stort hengelås. Utanfor kyrkjedøra stod gapestokken.

Kyrkjelyden kjøper Kornstad stavkyrkje

Etter bispens pålegg i 1812 hadde konsul Clausen sett skoror rundt kyrkja da alle fire kyrkjeveggane luta mot gravene. Desse timberskororne gjorde just ikkje kyrkja til noko vent gudshus. Friedrik Nilssen Sørset, som ei tid seinara vart klokkar ved Kornstad kyrkje, sa i eit heradstyremøte at når ein såg kyrkja frå fjellet ovanfor, såg ho ut som ei “mangfota-kongle”. Kyrkjeeigarane brydde seg lite om å fli kyrkjone før klagor frå ålmugen fann slik støtte på høgare hald at dei vart tvungne. Heradstyret vart nå ein meinsam faktor for kyrkjeeeigarane.

Prost Holtermann vart bygdas første ordførar alt til 1847. Han var tiltaksam og vaken på ålmugens beste. Dette kom og kyrkja til godes. Holtermann skaffa seg både bispens og herradstyret pålegg til, saman med medhjelparane, soknestyret og lensmannen, å halde takst og skjøn på reparasjon av Kornstad kyrkje.

Taksten vart halden 7.juli 1845. Mange vølingar vart påpeika m.a nye vindaugo, tre nye dører med karmar, bordkledning, måling, omlegging av loftet, retting av skeivt tårn o.s.b. Clausen tok på seg at alt dette skulle rettast innan to år. Skjønet er underteikna av kyrkjeeigaren Hans Clausen, ordførar Holtermann, lensmann P.H.Lied, klokkar Anders And. Linset, Aage J. Eide, Oliver Ols. Å, Tore Kongshaug og Rasmus R. Slatlem.

År 1860 måtte heradstyret gje sonen Peter Clausen, som då var kyrkjeeigar, ny skump for å berga Kornstad kyrkje frå “bokstaveleg at falde i staver over sin egen grav”. Ved takstforretning av 14. og 15. november påla dei kyrkjeeigaren fleire ting som straks burde rettast. Clausen let det skura. På bispevisitasen påla da bispen ordføraren “at formå menigheden at tilse og ved reparasjoner søge forebygget at den falleferdige Kornstad kirke skulde blive så forfalden at ikke gudstjeneste længer kan holdes i den”. Heradstyret handsama bispens pålegg i møtet den 16. september 1861 og sa at kyrkja nå ikkje tolde nokon grundig reperasjon, men dei påla eigaren å sette fleire støttor både utvendig og inni kyrkja innan 5. oktober da “såvel præst som menighed finder at de ikke flere gange tør benytte den i nuværende tilstand”.

Både prest og kyrkjelyd gjekk såleis til kyrkjestreik. 5. oktober kom, og kyrkjeeigaren hadde ingen ting gjort. Ordføraren, klokkar Eystein Strøm, vende seg da til ein sakførar med spurnad om kva dei nå burde gjera. Sakføraren rådde dei ifrå å gå til prosses. Soknestyret bad da kyrkjeeigaren gjeva opp qvantum og dimensjoner på det tømmer som trengdest, så skulle ålmugen sjøv hogge det i kyrkja sin skog på Einset og Holset, køyra det fram på vinterføret og hjelpa til med reparasjonen. Ordføraren og P. Mek vart valde til å underhandle med Clausen om kjøp av kyrkja. Peter Clausen var imøtekomande. Han baud to alternativ: 1. ålmugen kunne få kyrkja gratis utan jordgods. 2. Dei kunne få kyrkja med jordgods for 2800 spd.

Soknestyret valde det siste alternativet og ved kjøpekontrakt av 19. oktober 1861 selde Peter Clausen Kornstad kyrkje til kyrkjelyden for 2800spd, med tilhørende jordegods, ornamenter, tidender og alt hvad kirken tilhører til overtagelse 1. januar 1862. Den samme dag som soknestyret godkjende kjøpekontrakten for Kornstad kyrkje, protokollerte dei at ny kyrkje måtte byggjast. Kornstad stavkyrkje blei reven i 1871.

Kilde

  • Magerøy, A. M. 1946: Jubileumsboka for Kvernes prestegjeld, utgjeve av sokneråda. Prenta i Aukra prenteverk, Aukra 1946. Opplag 1200. Artikkelstoffet er henta frå side 30-35.

Eksterne lenker