Kristiansund baptistmenighet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjebygget i Fr. Nansens gt. 6.
Foto: Olve Utne (2008)

Kristiansund baptistmenighet er lokalisert i Fr. Nansens gt. 6 på Kirkelandet i Kristiansund. Kyrkjelyden høyrer inn under Det Norske Baptistsamfunn, som er eit kristent trussamfunn

Historikk

Kyrkjelyden vart stifta 28. juli 1876. I 1879 var forsamlinga i Kristiansund med på å stifte Det Norske Baptistsamfunn.

I 1881 fekk kyrkjelyden eit eige lokale, "Elim", lokalisert på "Hauan". Eit par år seinare måtte ein overgje dette huset, på grunn av dårleg økonomi.

År 1900 tilsette kyrkjelyden ein eigen organist, som vart lønna med 5 kroner pr. månad. I åra etter kan vi lesa om fleire dåpshandlingar, også av folk som kom utanbys frå. Åra 1911-1912 veksla ein på å ha møta sine i Arbeiderforeningen og Folkets Hus.

30-talet opplevde forsamlinga ei stor vekking, og mange nye medlemmer kom til. I 1933 vart det kjøpt ein eigedom på "Sletta", denne vart bruka til forsamlingslokale. I april 1940 vart dette huset råka av tysk bombing, og lagt i aske.

2. april 1955 stod den nye Baptistkyrkja ferdig. No hadde forsamlinga endeleg eit hus dei kunne kalla "sitt" igjen.

Med åra vart det berre eldre menneske att i forsamlinga, og verksemda vart i praksis nedlagt.

Sommaren 2012 opplevde menigheta ei ny tilstrømming av møtedeltakarar, etter at det ikkje hadde vore regelmessig verksemd i huset på ein del år. Under denne perioden byrja eit 20-tal menneske å samlast regelmessig til kristelege møte i menighetslokalet. I desember same året fekk forsamlinga fem nye medlemmer, og det vart foretta to dåpshandlingar.

Verksemd

Forsamlinga hadde i fleire år barne- og ungdomsarbeid, samt ei kvinneforening.

I fleire år vart det også dreve utpostarbeid, bl.a. i Isfjorden, Molde, Veidholmen og Tustna.

Kyrkjehuset på Veidholmen vart innvia i 1951, og i 2000 vart det stifta eigen baptistkyrkjelyd på staden.

I 1958 kjøpte Kristiansund baptistmenighet eit hus ved Tømmervåg på Tustna, som vart kalla "Edla Rosèns Minne". Dette huset vart innvia i 1960, og vart bruka som møtelokale og leirstad/feriestad for born og ungdom. Det var stor aktivitet i dette huset nokre år.

Sjå også

Kjelder

Koordinater: 63.112518° N 7.728796° Ø