Krossli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Støtta i Krossli.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)).

Krossli er eit vegkryss i Tokke kommune som ligg på vegen frå Bandaksli til Fyresdal.

Fylkesveg 355, tidlegare riksveg 355, Fyresdalvegen, går nordover frå Fyresdal til Krossli. Herifrå går fylkesveg 3394, Bandakslivegen, vidare nordover til Bandaksli. Frå nordvest kjem fylkesveg 38, tidlegare riksveg 38, Skafsåvegen, frå Dalen og går vidare mot aust gjennom Vrådal som Vråliosvegen.

Bandakslivegen, vegen frå Bandaksli til Fyresdal, vart i fyrste del av 1900-talet grundig utbetra. Frå denne perioden finnast det fleire vegmerke som fortel vegfarande kor vegen fører vidare. Ei slik støtte stod midt i krysset i Krossli, i 2011 står den i utkanten av krysset. Litt lenger sør vert ein gjort merksam på at ein kryssar grensa til Fyresdal, etter fyrst å ha vore eit lite stykke gjennom Kviteseid kommune.

Sjå også


Koordinater: 59.36370° N 8.15411° Ø


Kjelder

Mangler kilder!