Tycho C. Jæger
Tycho Christoffer Jæger (fødd 25. juni 1819, død 31. januar 1889) var kunstmålar. Han budde mesteparten av sitt vaksne liv i bygda Feios ved Sognefjorden.
Liv og bakgrunn
Ein dag på 1850-talet kom ein kar til Feios. Han kom frå Bergen. Denne mannen var kunstmålar og han busette seg i bygda for godt. Han var fødd i Bergen, faren var skomakarmeister Tycho og mora var Øllegård Jæger. Da han kom til Feios, slo han seg ned som handelsmann, gardbrukar og kunstnar, og han vart buande i bygda til sin død i 1889. Den 21.september 1870 gifta han seg i Feios kyrkje med Amalia Steen-Dahl frå Bergen. Dei fekk borna Øllegård i 1871, Tycho i 1873 og Cornelius i 1876. Huset han budde i på Esehaugen, er i dag i bruk av familien som overtok eigedomen etter ekteparet Jæger.
Tycho C. Jæger byrja i skomakarlære hjå faren i Bergen, men drog etter ei tid til København for å ta utdanning i teikning med tanke på ein kunstnarkarriere. Han avbraut utdanninga etter 2 år og drog tilbake til Bergen i 1846. Ut frå samtida fekk målarkunsten innpass hjå borgarskapet, og han fann si nisje som landskapsmålar. I perioden han budde i Feios var han ofte på reise på Vestlandet og til og med oppover til Helgeland.
Kunstsamlinga til Tych C. Jæger
Kunstverka til denne kunstnaren er samla ved Historisk Museum, Universitetet i Bergen. I 1967 var det laga ei utstilling med i alt 93 kunstverk. (Sæverud 1967) Det var landskapsmaleri, og mellom dei var to bilete frå Feios. Det eine måleriet er av Feios kyrkje som var eit nybygg frå 1866. Det andre var eit måleri med tittelen Vinteraften. Motivet i det måleriet er frå Esehaugen med utsikt mot Balestrandsfjella i måneskin. Ved Nasjonalmuseet er eit måleri av Urnes stavkyrkje, måla i 1853.
Tycho C. Jæger var ein samfunnsengasjert person. Som handelsmann ivra han for å få postopneriet flytta til Hanehaug frå Hermansverk, fordi det da ville vera kortare for folket i Feios. Hanehaug ligg rett over fjorden få Feios, uansett måtte folket i båt for å koma til postkontoret.
Da Rinde stavkyrkjee vart vedtatt riven i 1863,teikna han eit utkast til ny kyrkje. Teikninga vart godtkjent av "menighed og formandskab", men sokneprest i Leikanger Johan D. Haslund påpeika ein del manglar ved teikninga. Dette førte til ein krass konflikt mellom Jæger og sokneprest Haslund. Den lokale prosessen enda med at departementet engasjerte arkitekt J. W. Nordan. Han fekk i oppdrag å teikna den nye kyrkja, Feios kyrkje. (Rinde. 2016)
Det er i dag få minne i bygda som knyter denne kunstnaren til Feios. Bortsett frå huset og eigedommen har ein vegstubbe fått namnet Jægerbrekka. Denne vegstubben er ikkje lenger i bruk i dag. Den nye vegen er lagt nedanfor der Jægerbrekka ligg, men ein kan enno sjå restane etter denne vegstubben som eit lokalt kulturminne.
Kjelder
- Gjerstad, Jo. Bergen - slik den var. Bodoni Forlag 2012.
- Rinde, J.M.B.red. Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn 2016.
- Sæverud, Dag H, Bergensmaleren T.C Jæger. 1819 -1889. UiB Historisk Museum 1967.
- Tycho Jæger i Historisk befolkningsregister.