Kverni i Tråene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernhuset i Tråene i Fresvik

Vasskverni kom til Noreg kring år 1200. Me veit ikkje sikkert når den første kverni i Fresvik i Vik kommune blei sett opp, men det blei nesten ein liten revolusjon då ho kom. Å mala korn blei mykje enklare. På dei største kvernane kunne ein mala opp til 100 kilo på eit døger viss kornet var tørka. Dei minste kvernane kunne klare 50 kilo.

Kvernhus i Fresvik

Før 1906 var det mange kvernhus i Fresvik. Det stod truleg 32 kverner langs elva frå sjøen og opp til Tretteigen. Det kunne også vera kvernhus ved flaumgrøver langs dal og strender. Dessverre har mange av dei forsvunne. No står det berre att 3 kvernar i bygda. Skreder og flaum har truleg sopt med seg mange til sjøs. Dårleg vedlikehald har også litt av skulda. Den eldste av dei tre kvernane er Monskverni fremst i Tråene, som truleg er bygd kring 1800.

Kvernhusi vart bygde med den gamle laftemåten og som oftast hadde dei bordtak.

Hermundkverni

Hermundkverni blei i 1906 teken av elvi saman med to andre kvernar. Det var truleg den udelte Bjørnetungarden som eigde kverni. I seinare tid bygde Hermundgarden, Bøtun og Teigen kverni opp på nytt. Hermundkverni er ein av dei tre kvernane som no står att. Denne kverni er ikkje tømra, men sett opp av reisverk. No har kverni også bølgjeblekktak.

Kverni står på kanten av ein liten teig nede i Tråene. Her er endepunktet for folkestigen som går langs elva frå bana. Ved døra har helselaget hengt opp ein kasse der trimmarane kan skrive namnet sitt. Kverna har ståande panel og bølgjeblekktak.

Overtru

Det knytte seg ikkje så lite overtru til kverna før i tida. Nøkken og andre vetter, ja til og med djevelen sjølv kunne vera med og gjera ap med malaren. Her er ei forteljing om dette.

Ein bonde dreiv og mol ein regnfull haustdag. I skumringa slo han på så mykje korn som han trudde kverna ville rekke å mala. Då det lei på kvelden bad han drengen gå og sjekka om kverna var ferdig. Drengen rusla i veg med lykta i handa og kjende redsla koma, for heilt ufarleg var det ikkje å gå til kverna ein mørk haustkveld. Kverna var ikkje heilt ferdig, så han måtte venta ei stund. Han settte seg ned og halvsov medan han venta. Plutseleg vart det ei fæl kloring og skraping i vegg og golv, og med det same stoppa kverna. Han såg ned mellom golvet og luka, men då tok redsla han for alvor. Han meinte han såg armar og føter som heldt kallen så vasspruten fossa rundt alle stader. I redsla la han på sprang heim og fortalde at djevelen hadde lagt seg på kvednakallen. Bonden sjølv måtte av stad, for mjølet måtte han berga, kosta kva ville. Han fann ut at det var ei trerot som hadde komme ned renna og lagt seg på kallen. Denne gongen vart årsaka funnen, men det var ikkje alltid så.

Kjelder

  • Pridlao nr 1/2009
  • Pridlao nr 2/2002

Kverni i Tråene er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Kverni i Tråene er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.