Kvina

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvina renn ut i fjorden ved Øyestranda sørvest for Liknes.
Foto: Chris Nyborg (2019).

Kvina er ei elv som renn frå Rjuven i Valle kommune i Setesdal til Liknes i Kvinesdal kommune.

Kjeldene på Rjuven ligger på kring 1400 meter over havet. Frå Bossvatnet i Valle renn elva gjennom fleire sjøar, mellom anna Roskreppfjorden, Øyarvatn og Kvifjorden. Nedbørfeltet er på 1413 kvadratkilometer. Ved Liknes i Kvinesdal renn Litleåna inn i Kvina. Det er fleire fossar langs Kvina, og den største av dei er Rafoss i Kvinesdal, med eit fall på 42 meter. Andre større fall er Kvitingen på 36 meter og Trælandsdfoss på 26 meter.

Det er godt med fisk i elva, og i 2014 vart det tatt meir enn eit tonn laks.

Ved den øvre delen av elva finn ein Tonstad kraftverk ved Sirdalsvatnet, som med 960 MW og 4357 GWh er det største kraftverket i Noreg etter midlere årsproduksjon. Ein finn og tre mindre kraftverk ved den øvre delen av Kvina: Roskrepp kraftverk på 50 MW, Kvinen kraftverk på 80 MW og Solhom kraftverk på 200 MW. Det er store reguleringsmagasin i Roskreppfjorden, Øyarvatn og Kvifjorden. Sira-Kvina Kraftselskap er ansvarleg for reguleringa.

Nedafor Homstølvatnet er det ei minstevannføring på 3,1 kubikkmeter i sekundet. Restvannføringa nyttast ved Trelandsfoss kraftverk på 10 MW.

Litteratur og kjelder