Kvinnefossen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvinnefossen («Kvinnao») aust for Hella ved Eitorn, Leikanger kommune, vart i 1955 freda for utbygging, og i 2006 vart områda på begge sider av fossen freda. Fossen har et fritt fall på 120 meter. I følgje ei lokal segn skal namnet koma av at vatnet av og til deler seg på ein hammar nede ved sjøen, slik at det kjem fram ein tydeleg kvinneskapnad med ei bør på ryggen. Ei anna forklaring er at fossen kvin (eller pip) når han er stor. Ved utløpet var det tidlegare vanleg å fiska laks med kilenot.
Kjelder og litteratur
- Bilete av fossen
- Segner frå Leikanger, NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- "den maleriske Kvinnefos" Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Hele eller deler av Kvinnefossen er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes. Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten. |