Kviteseid Betong
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kviteseid Betong blei stifta som eit aksjeselskap i 1976 av Tarjei Gotuholt, Olav Gotuholt og Ola Moen. Verksemda blir kalla "Betongen" på folkemunne og ligg i Kviteseid kommune i Telemark.
Frå oppstarten var målet med verksemda å nytte dei store grus- og sandressursane som låg ute ved Spjotsodd til framstilling av betong, samstundes som ein ville etablere trygge arbeidsplassar i Kviteseid. I dag (2018) leverer verksemda ferdigbetong til både store og små prosjekt i heile Vest-Telemark. Hellestad Sandtak AS kjøpte opp Kviteseid Betong i 2010.
Kjelder
- Kviteseid Betong si heimeside. (Lest 27. april 2018, kl. 12.00)