Kviteseid Bygdetun

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Kviteseid bygdetun)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.

Lokalisering

Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Bygningane på tunet

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga. Denne stoga er henta frå garden Flekstveit i Lårdal. Fyrste høgda til huset er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738. Stoga nede er rosemåla av "den fyrste rosemålaren i Telemark", Talleiv Målar. Tveitloftet er den eldste bygningen på bygdetunet, og vart bygd på 1300-talet. Flekstveitloftet er frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.

Utsondhalli

Bilethoggaren Gunnar Utsond gav skulpturane han hadde laga til Kviteseid kommune før han døydde, og desse er i dag samla i Utsondhalli på Kviteseid Bygdetun.

Kviteseid gamle kyrkje

Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil på 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest stavkyrkjer. Steinkyrkjer vart berre reist i maktsentra og i folketette område. Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i soknet og låg ved Bandaksvassdraget som hadde mykje trafikk. Mykje tyder på at det også var ein handelsplass her.

Kjelder

Eksterne lenker

  • Skaug, Tore: Å byggje eit bygdetun : Kviteseid bygdetun 1907-2007. Utg. Kviteseid bygdetun. 2007. 94 s. ISBN 9788299596749.