Kystlaget Romsa
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kystlaget Romsa som vart stifta i 1999, har tatt namn etter ei fråflytta øygruppe i tidlegare Ølen kommune (no Vindafjord kommune). På første del av 1900-talet var der eit aktivt samfunn på øyane med bortimot 80 fastbuande på det meste. Rundt 1960 var det slutt, og sistemann flytta til fastlandet. No er øyane offentleg friluftsområde, men minnene står att og overalt finn ein spor etter fiskarbondekulturen der åkerlappen saman med sjøbruket gav utkome i det daglege. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN.