Løypestrengar og taubaner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Taubane over Driva ved Lønset i Oppdal.
Foto: Arnfinn Kjelland

Løypestrengen var mykje brukt i område med bratte skogsider der det ikkje var eigna for hest og slede. Dei yngre årsklasser kjenner truleg ikkje så mykje til dette. Løypestrengen nyttar tyngdekrafta og lasten kan då berre gå ein veg, nedover. Løypestrengar var brukt på mange sætrar der forholda låg til rette for det. Det var for å sende mjølk i hylke eller andre kjerald på løypestrengen så nærme heimetunet som råd. Dei var hekta på strengen med krokar av stål. Det var brukt eit signalsystem mellom dei oppe og dei nede ved å banke på strengen eller blåse eit signal i bukkehorn. Signala var avtala og på det viset kommuniserte dei med kvarandre. Nede vart det hengt bjørkegreiner eller einekagar på strengen som skulle fungere som støytdemparar for ikkje å knuse lasten som kom ned.

Mest bruk av løypestrengane var til vedhogst og det er dei, vedastrengar, det er mest av. I dei bratte skogsidene var løypestrengen veleigna for å få vedstrangane så langt ned at hest og slede kunne ta over. Slike vedastrengar var det mange av rundt omkring. For å henge strangane på strengen hadde dei med ei honk med krokar med stropp i. Reknar med at veda-arbeid var i vinterhalvåret og at vedlikehald av strengen vart gjort før dei tok til med vårarbeidet. Då vart strengen slakka ned så nær marka at dei rakk å smørje han inn med tjære, dersom det var turvande for at han ikkje skulle ruste.

Taubaner: Desse var det ikkje så mange av men ved at dei kunne transportere last både nedover og oppover så kunne dei løyse fleire oppgåver. Spelet var plassert i den enden som var mest tenleg. Nokre tiår bak i tid var vegane lite utbygde og båten var viktig for varetransport både til og frå. Då var taubane frå nautet og til gards aktuelt der terrenget låg til rette for det. Med taubane kunne diverse terrenghindringar løysast med bukkar som bana var hengd opp i. Drift av desse var i seinare tid ein eller annan motortype men ein kan lett tenkje seg vasskall om det skulle høve. Handemakta har og lang tradisjon.

Denne artikkelen trenger kjelder.