Lakshøl Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lakshøl Bruk med Lakshølfossen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Lakshøl Bruk var eit sagbruk, mølle og høvleri. Bruket ligg like nedanfor Lakshølfossen i Seljord, langs E134 mot Flatdal.

Historikk

Namnet «Lakshøl» kjem frå den store «hølen» nedanfor fossen. Hølen var endestasjonen for gytevandringa til storauren i Seljordsvatn. På folkemunne vart auren kalla «laks» i Seljord.

Lakshøl Bruk har frå gamalt av vore både mølle, sagbruk, høvleri og kraftverk. Sagbygningen vart oppført i 1890, høvleribygningen i 1898, og mølla i 1911 (modernisert i 1939), men bruket har vore i drift mykje lengre attende i tid. Frå 1932 vart delar av bruket bygd om til kraftverk som kunne drive høvleriet i tillegg til å gje elektrisitet til ein del abonnentar. Kraftverket produserte likestraum og gav m.a. elektrisk ljos til Brøløs.

Kring 1950 fungerte Lakshøl Bruk som sagbruk og høvleri og solgte både uhøvla og høvla bygningsmaterialar. Mølla fungerte som bygdemølle, og bruket hadde i tillegg ei sag ute i distriktet. Bruket sysselsatte kring 15 mann, og det var Eivind Øverland som var eigar og drivar frå kring 1927.


Lakshøl Bruk vart nedlagd kring 1979, og etter det sto bygningane og forfall. I 1994 starta arbeidet for å redde bruket. Det vart løyva pengar til restaureringa som vart fullfinansiert, m.a. bidrog fylkeskommunen med 400 000 kroner, og arbeidsmarknadsetaten stilte midlar til rådvelde fordi prosjektet skulle vere eit tiltak for arbeidsledige.

Lakshøl Bruk vart skild ut som eigen egedom frå Øverland gnr. 54/1 som bnr. 6 i 1927. Eigar, Eivind Høyesen Øverland (1906–1968).

Arkivet etter Lakshøl Bruk er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Adressa er Vallarvegen 112 (vart endra 19. desember 2019 frå Flatdalsvegen 112).

Galleri

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Telemark Arbeiderblad, 27. april 1994: Skal reddes
  • Artiklar og notisar frå diverse aviser.


Koordinater: 59.49927° N 8.63612° Ø