Laudal kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Laudal kommune i Vest-Agder vart oppretta i 1899 då Øyslebø og Laudal kommune vart delt i to. Kommunen vart i 1964 slått saman med det meste av Bjelland og heile Øyslebø kommunar til Marnardal kommune.
Namnet er ei forvansking av den eldre forma Laugardal, frå elvenamnet Laug.
Kjelder
- Laudal i Store norske leksikon.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.