Lauvstad, øvre (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lauvstad øvre (Fyresdal gnr. 37/5/5) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 8.

Leigekontrakt 1888 gav Kjetil Tarjeison Uppigard Vik (1857-1923) eit jordstykke kalla Lauvstad for 7 kroner årleg leige, dette vart skilt ut frå Århus (Fyresdal 37/1). Saman med kona, Torbjørg Knutsdtr. Klokkargarden (1856-1945) kom han her og dreiv som stasjonshaldar og køyrekar. Ein del skogsarbeid var han òg med på. Det fyrste huset vart flytta hit frå Holer (Fyresdal gnr. 59) i Åslandsgrend; det vart mykje endra og påbygd slik det står i 2019. Torbjørg Lauvstad var i mange år belgtrøar i Moland kyrkje

Etter at Kjetil døydde fekk enkja sitje i uskifta bu 1923. Husa selde ho seinare til Olav G. Breivik.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.